Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Martin Baldysz: Fallgard

Martin Baldysz: FallgardIngeborg bur saman med foreldra og småsøskena, Niels og Jenny, på øya Mulen. Ho blei konfirmert i fjor. Besteveninna hennar, Astrid, bur inne på fastlandet. Ingeborg kjenner seg fanga i situasjonen, ser på havet og drøymer seg bort. Ho ventar og lengtar medan ho har mykje ansvar og mange plikter både i huset og i drifta av den vesle garden.

I det forteljinga startar, er Ingeborg på veg til Olaug som bur i det grøne huset på den andre sida av øya. Olaug har mista mannen sin på sjøen, og mora til Ingeborg har sendt ho med ei korg med mat. Ingeborg har ikkje lyst til å møte folk, ho veit ikkje kva ho skal svare.

Miljøskildringane viser at forteljinga er lagd tilbake i tid. Dei som bur på Mulen, er fiskarbønder. Dei bøter garn i fjæra og har småbruk med sauar som så vidt har klart seg over vinteren. Om sommaren henger dei høy på hesjer. Far hennar liker seg betre på sjøen, synest det er mykje arbeid for lite utkome med garden. Ingeborg har ei fin ulljakke, og ho har karda, spunne og strikka jakka si sjølv. Den viktigaste tidsmarkøren er snakket i bygda om at amerikanarane visstnok har tenkt seg til månen, og påpeikinga av at den gamle kongen, som det heng bilde av på utedoen, er død. På Mulen står tida stille, og ein halvferdig fjøs vitnar om planane det ikkje kjem til å bli noko av. Her er vi også tett på liv og dramatisk død.

Ingeborg liker seg hos Olaug, og ho hjelper gjerne til med praktisk arbeid. Ho er med Olaug ut i båten for å jakte sel, og etterpå får ho øl og tørka sild. Ho hjelper også til med å skjere torv, og ho samlar lyng. Ingeborg tenker mykje på Olaug, kor sterk og flink ho er, og på det mørke, krølla håret hennar. På holmen badar dei nakne og tørkar seg på berget, og Ingeborg ser og ser på Olaug. Olaug snakkar om å dra til Svalbard.

Tormod er interessert i Ingeborg, og vil følgje ho heim etter skolen. Han inviterer også gjerne på ein røyk, og vil danse med ho. Då dei blir våte, dreg han ho med inn i naustet og kyssar ho. Ho svarar ikkje når han vil ha ho til å stadfeste at det skal vere dei to. Mora hennar liker ikkje at ho er aleine med han, men Ingeborg blir berre irritert. Ein dag kjem mora med Husmorboka, men Ingeborg lurer på kva ho skal med ho. Det er siste året med skole på Mulen, og ho må avgjere om ho skal gå på husmorskule neste år, eller vere heime og stelle til ho finn seg ein gut, som mora seier. Ingeborg vil vere aleine med tankane, og tenker også på at Olaug har berre seg sjølv.

For Ingeborg hjelper det å skrive, ho skriv om fortvilinga og sinnet sitt, og kastar arket på sjøen: «Det er som om kroppen har vakse seg større enn øya». Ho tenker på at ho kjem til å ende som mor si, synge på bedehuset og aldri le, og aldri komme seg her ifrå. Korleis skal ho få sagt ifrå til Tormod? Og kva om Ingeborg gjer alvor av å dra?

Tittelen Fallgard kan ha fleire tydingar. Fallgarden er ei rad av båar og skjer under vatn, og er både farleg og litt lokkande. Det gjeld om å kome seg forbi fallgarden, både fysisk og mentalt. Dette er ei god skildring av ei ung jente på veg til å bli vaksen i eit litt trongt øysamfunn. Folka der hjelper kvarandre når det trengst, men veit også alt om kvarandre og held kvarandre under oppsikt. Det er ikkje enkelt for ei som kjenner seg annleis, å finne ståstaden sin og ein veg framover.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

Therese Garshol Syversen: Eg skal rive deg i filler
intervju
Anders Totland: Til døden skil oss
humor
Magnhild Bruheim: Stjernefallet
krim
Marit Eikemo: Vi er brødrene Eikemo
unge vaksne