Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Martin Baldysz: Vardane

Vardane er den andre romanen til Martin Baldysz, og handlinga går føre seg ein namnlaus plass på Vestlandet. Vi møter eit umiskjenneleg vestnorsk fjord- og fjellandskap, i farne tider, kanskje på 1800-talet eller tidleg 1900-tal, då historiene om huldrefolket levde mellom bygdefolket.

Vi møter Reidar, ein einstøing som bur åleine etter at foreldra er døde. Han har sauer og driv litt fiske i fjorden. Bygdefolket kallar han «Skymingen», han som kjem i skumringa, eller han som held seg i skumringa. Reidar har lite kontakt med dei andre i bygda. Han har teke til å drikke brennevin som han kjøper hos Gunhild frå nabobygda nede på brygga. Reidar har ikkje mykje pengar, og endå færre vener.

Ein dag kjem presten Riber på besøk og vil ha Reidar med på ei fjellferd. Presten er venleg, og på stivt bokmål kallar han Reidar for «Fjellmannen», eit namn Reidar har blitt kalla i barndommen. Reidar vert glad og stolt over merksemda. Oppdraget er å ta presten med opp til setrene for å leite etter ei seterjente som har vore sakna i fjella i over eitt år. Mange har trudd at jenta har omkomme der oppe, men fleire har fortalt at dei har sett huldra i området. Reidar har sjølv sett huldra i barndommen, ei oppleving han berre har fortalt foreldra om. Det er også nokre bygdefolk som har fortalt at fantefolk har brote seg inn i sel og teke seg til rette.

Lensmannen har vore oppe ved setrane og leita etter huldra, og då kom ei jente til syne og ropa at ho berre ville tale med presten. Presten vil prøve å kome ynsket i møte, og no vil han at Reidar skal vise veg opp i fjellet. Reidar får også vite at ein fangstmann har blitt drepen oppe på setra, knivstukken tretti gongar i ryggen, og eitt i låret, der kniven knakk. Mange trur at det er difor seterjenta, Kirsten Nesse, har vore borte.

Presten let ikkje Reidar få ta med det etterlengta brennevinet, men Reidar pakkar saueskinn, tørka kjøt, hagle og fisketroe for ein fleire dagars tur i fjellet. Han vil ta vare på presten som kallar han «min venn». Så legg dei i veg opp til setra der Kirsten Nesse sist vart sett. Der finn Reidar ei utømeleg brennevinsflaske av skinn, som gjev han underlege, og kanskje sannferdige draumar.

Boka har islett av ei krimgåte, men dette er ikkje ei krimbok. Snarare er det ei mystisk og litt uhyggeleg forteljing om skodde, huldrer, draumesyn og å finne vegen i eit vilt og farleg fjellandskap. Kan ein stole på vardane? Kva har eigentleg skjedd med Kirsten? Og med Reidar? Reidar sin triste lagnad vert portrettert med sympati, og nokre forklaringar for hendingane i boka vert antyda. Under overflata i boka vert det gjeve hint om overgrep, maktmisbruk og undertrykt seksualitet, i tillegg til utanforskap, alkoholmisbruk og einsemd. Boka er kort, lettlesen og gjev høve til å lese mellom linjene, samtidig som rå natur og løyndomsfull folklore gjev oss ei god leseoppleving.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker