Slemme jenter er ei samling noveller av debutanten Monica Goksøyr. Samlinga har sju noveller som kan lesast uavhengig av kvarandre. Dei har likevel nokre likskapstrekk: I fleire av novellene har hovudpersonen asiatisk utsjånad, med ein eller to foreldre frå Søraust-Asia. Nokre av novellene tematiserer kulturforskjellar.
Dei fleste novellene har ein beskjeden og forsiktig hovudperson som må handtere meir krevjande antagonistar. Monica Goksøyr viser med denne samlinga at ho har eit skarpt auge for menneskeleg åtferd og eit godt øyre for presist språk.
Mange av novellene tematiserer utanforskap. Dei endar også såpass ope at her er rikeleg rom for meddikting. Det er i det heile mykje å analysere i denne boka. Kanskje vil ein starte allereie med framsida. Ho viser ein diger, rosa tiger, plassert inn i eit grått norsk ferjeleie.



