Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Bokomtale

Øyvind Lauvdahl: Ingeniør Knut Berg

Øyvind Lauvdahl: Ingeniør Knut BergEtter mange år med berre opptrykk av gamle Knut Berg-historier, har Fonna forlag no engasjert serieskapar Øyvind Lauvdahl til å blåsa nytt liv i denne klassiske science fiction-teikneserien. Lauvdahl har halde på eit visuelt uttrykk som på mange måtar ligg tett på originalen, med 3 x 2 ruter og (nesten) berre to fargar. Samstundes er både streken og tematikken til Lauvdahl tydeleg moderne, og møtet mellom dei tradisjonelle rammene og det moderne uttrykket kjennest friskt, særleg når Lauvdahl har laga ei sopass spanande historie som det her. Me møter frå fyrste side konfliktar mellom naturvern og miljøvern, og mellom ulike syn på korleis ein bør nytta vitskaplege framsteg, her representerte ved Knut Berg og Dr. Panga. Eit litt Lovecraft-inspirert møte med eldgamle krefter vert òg blanda inn i det vitskaplege universet.

Heftet finst både på nynorsk og nordsamisk.

Fleire boktips

Jula er her! 24 fantastiske julehistorier for barn
6–9
Agnes Ravatn: Gjestene
unge vaksne
Ida Neverdahl: Floke 3
6–9
Martin Baldysz: Vardane
fantastisk litteratur