Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Ragnhild Kolden: Krig

1940 Gabriel

Krigen har vart i to veker då bombefly kjem over Innerdalen og Vollen, og vi får lese om det kaoset som oppstår der på svært kort tid. Nå handlar det om å kome seg med bussen og vekk frå hendingane. Gabriel Bratt, som er 22 år og har synsvinkelen i det første kapittelet, har hjelpt søstera Margot med flytting, og nå må han kome seg heim til garden. Romanen startar med ei god skildring av den redsla, uhygga og usikkerheita ungdommane i bygda kjenner på.

Det er mykje snakk om kven i bygda som hjelper tyskarane. Eldri-kafeen blir etter kvart eit samlingspunkt for tyskarane og dei som er sympatisørar, dei andre går i hemmelegheit til Oskar Enge på hotellet. Berre fetter Enok, som skriv dikt og har fått utgitt ei diktsamling, held stand og har eit eige bord på kafeen. Oskar Enge har halde tale til ungdomslaga, og oppmoda dei om å legge ned arbeidet sitt og ikkje rette seg etter NS-direktiva. Oskar blir arrestert og kjem heim heilt apatisk. Kanskje han rett og slett samarbeidde med tyskarane?

På nabogarden til dei på Bratt bur Torp. Han har ein sterk posisjon i bygda og er ein drivande kar, og han blir innsett som ordførar i staden for Gunvald Bratt. Gabriel diskuterer mykje med tvillingbroren sin, Gunnar. Gunnar vil søkje seg inn i politiet og tar stadig ein tur bort til Torp. Dei to gutane diskuterer spørsmål om det norske, arbeid eller arbeidsløyse, og måtar å kome seg fram i verda. Gunnar vil melde seg inn i NS om det gjer at han kjem inn på aspirantkurs i politiet. Han deltar ikkje lenger i gardsarbeidet, og blir kveikt av Hitlers tale som dei høyrer på radioen.

Ein dag kjem ei oppøst Kristine springande til Bratt og seier dei må kome. Henriette er funnen død, og mannen Sverre og sonen Henrik er borte. Sverre dukkar opp, men Henrik er som sokken i jorda. Dette fører til mange spekulasjonar i bygda, også rykte om Henriette og emissæren. Det blir leita etter Henrik, men han er og blir borte. Dei fleste reknar med at han er død, men er han verkeleg det?

Gjennom sommaren handlar det om å kome seg gjennom kvardagane så godt ein kan, og å halde garden i drift. Etter kvart tek tyskarane seg meir og meir til rette, og vi får vite kven som er på deira side og kven som ikkje er det. Det blir splitting innan familiane og mellom naboar, og det er eit stort spørsmål kven ein eigentleg kan stole på: «Det er stor skam kor kvardagsleg ei haldning somme tek imot tyskarane med». Den gjennomgåande uroa og utryggheita folk opplever, skaper spenning og dramatikk i romanen.

1942 Margot

Margot er den andre forteljaren i romanen. Ho arbeider på legekontoret, og overhøyrer mykje av det som blir snakka om der. Det har blitt mange forbod og påbod i bygdesamfunnet, og det er aukande varemangel. Lærar Johnsen har nekta å bli med i NS og er send bort. Simon har mista arbeidet på sjukeheimen fordi han er jøde. Snart blir det klart at Simon må kome seg av garde og i skjul. Ein mutt trass pregar dagleglivet, og Margot tenker: «Mistilliten er som ei sjuke eg har drege på meg».

Ein dag kjem tyskarane inn i tunet på Bratt, saman med emissær Abelsen og lensmann Ringen. Dei spør etter Simon. Gunvald står rakrygga og seier Ringen og Abelsen imot. Både far Gunvald, Gabriel og fleire andre blir arresterte og forhøyrde. Nokre av dei blir kraftig mishandla.

1943 Gabriel, 1944 Margot og 1945 Gabriel

Dei neste kapitla er også fortalde av Gabriel og Margot i kvart sitt årstal. Gabriel blir ikkje lauslaten etter arrestasjonen, og sit først på Grini og sidan i Sachsenhausen. Vi får inngåande og grufulle skildringar av livet, døden og dei mange fornedringane der. Folk blir tvungne til å sjå på andre si liding, apatien breier seg, og det kjennest som om dei mistar seg sjølve og det menneskelege. Samstundes oppstår også gode vennskapar.

Margot saknar det vanlege livet. Ho har mista fleire veninner: ”Natta er full av uro, dagen av arbeid og keisemd, rutinar å kvile i». Doktor Meyer snakkar om at det går føre seg agentverksemd på pensjonatet Karinelund, og ber Margot ta kortvarig arbeid der. Den førre serveringsdama berre forsvann frå den eine dagen til den andre. Dette blir innleiinga til nok eit spennande avsnitt, der det ein trudde på førehand, viser seg å vere ganske annleis. Igjen er det uvisst kva side folk eigentleg står på.

Ein dag kjem freden, og Margot finn fram bunaden ho ikkje har brukt på fem år. Ho kjenner ei lette, men er slett ikkje glad. No er det mykje som kjem for ein dag, nye arrestasjonar og avsløringar, men ho veit framleis ikkje noko om Gabriel og Simon. Ho synest det er mykje som er så trasig, og drøymer seg bort frå denne NS-bygda.

Dette er ei viktig og aktuell bok. Det er sterke skildringar av korleis ein krig øydelegg folk og tilhøva mellom dei, kor kort det er mellom liv og daude, elsk og hat, og kva fornedringar og mistenksamheit fører med seg. Det er vanskeleg å leve vidare etterpå, krigen har sett uutslettelege minne i mange. Spørsmåla og tankane om kor vidt forsoning er mogleg, kjem opp. Sjølv om romanen er på fire hundre sider, er han rask og medrivande å lese.

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker