Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Rakel Solstad: I for internatunge

«For nokre blei livet på internatet ei kjærkommen avveksling, fleire å leike med, betre kosthald. For andre blei internatlivet årelange erfaringar med overgrep og mishandling», skriv Rakel Solstad i etterordet til romanen. Internatliv i Finnmark blir skildra gjennom fire ulike personar, Elis, Arno, Frans og Máret, frå ulike tidspunkt mellom 1948 og 1962. Solstad skriv med eit meiningstett og intenst språk som får fram korleis stemninga kunne vere på eit internat. Ho set søkjelys på ulike lagnader, og har skrive ei viktig og engasjerande bok som grip lesaren.

Internatet står på ei slette der vinden får godt tak. Mykje av historia går føre seg ei novembernatt i 1962, ei stormnatt der alle elevane må ligge på madrassar i matsalen og ingen kan reise heim i helga. «Der sat også dei som kvar natt hadde prøvd å halde seg vakne fordi dei ikkje visste korleis natta på internatet ville bli, dei visste at dei no slapp å liggje og vere redde for det som kunne hende i mørkeret på sovesalen.» Dei daterte kapitla er korte, og Solstad hoppar i kronologien.

I starten av boka møter vi Elis i det han er ferdig med sju års folkeskole og eit år på framhaldsskolen. No skal han aldri meir tilbake, han skal heim for siste gong. Elis blir plaga frå første året sitt på internatet. Han har vondt i magen på søndagar, og han finn på ulike unnskyldningar for å sleppe å reise tilbake til skolen når han har vore heime hos mora i helgene. På internatet gøymer han seg. Han fortel ikkje noko til mora, i skoleveka held han berre ut. «Vanlege ungar blir annleis når dei er internatungar», tenker han. Han blir utsett for vald og seksuelle overgrep, med truslar om kva som vil hende om han sladrar.

I 1962 er han likevel tilbake på internatet, han arbeider som vaktmeister: «Mor mi ville eg skulle ha ein jobb». Han har fått ein gammal lastebil som ikkje går, og Elis drøymer om at han kan køyre øyungane att og fram i den, slik at dei slepp å bu på internatet. Han ventar på sommaren.

Arno møter vi første gongen då han har vore på internatet i tre veker, han har fått fosterforeldre på øya. Han synest det er vanskeleg å sove, og vandrar gjerne rundt om nettene for å undersøkje. Han treffer Elis i fyrrommet. Det er mykje Arno ikkje veit og forstår, men han har høyrt at dei andre ungane har snakka om Elis.

Frans er liten og engsteleg, og er alltid på vakt. Han liker seg best saman med dei vaksne eller med ungar som er yngre enn seg. Han får ikkje sove då dei alle må overnatte i matsalen, han må passe på. Arno har fortalt han ei historie der ein heil matsal blei fylt med vatn. Frans er redd for at han skal fryse i hel eller tisse seg ut. Lisbeth er ei omsorgsfull vaksen, og seier at ho skal passe på resten av natta.

Arno har kontrollen over Frans, og tvingar han til å ikkje seie vidare det han fortel. Stormnatta går det nesten gale då Arno og nokre andre prøver å drukne Frans på jentedoen. Elis finn han, forkommen og nesten livlaus, og han gjer alt for å berge han. Faren til Frans er rasande, og hentar sonen heim.

Dei stille jentene er det lett for dei vaksne å oversjå. Máret lengtar heim, og vil ikkje vere på internatet. Lisbeth lovar ho skal komme tilbake til Máret som klamrar seg til dokka, men gløymer ho likevel. Ei anna jente fortel at Máret ikkje forstår det som står i leseboka.

Nokre vaksne er trygge og omsorgsfulle, medan andre overser plaginga som skjer og let vere å gripe inn. Ungar som ertar, blir ikkje sette på plass når dei kallar nokon ein tyskarunge eller lappjævel, eller tar frå nokon det dei leikar med. Dei er heller ikkje mange nok vaksne til å sjå alle elevane. Styraren vil vente og sjå når noko oppstår. Når det trengst ein alvorleg samtale, vik han unna. På denne måten aksepterer han stilt at nokre ungar får plage andre, og at ikkje alle har trygge rammer.

I etterordet skriv Rakel Solstad om internatreisinga i Finnmark, og at ho var motivert av tre grunnar: grensevern mot Finland og Russland, språkvern og fornorsking av samar og kvenar og av sosiale forhold og geografi. Å sende ungane til internatskole skulle sikre at alle fekk eit skoletilbod og opplæring i norsk språk og kultur.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker