Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Robin Van de Walle: Han, solo

Robin Van de Walle: Han, soloForteljinga startar ein regntung og mørk novemberdag. Eg-personen, Robin, får ikkje sove lenger, han tenker berre på Han. Dei to har vore saman sidan sommaren, men nå vil ikkje Han lenger. For Robin er denne dagen starten på ein lang periode med kjærleikssorg, han kan slett ikkje forstå kva han har gjort gale og kvifor Han ikkje vil meir. Robin grev seg ned i tunge og depressive tankar som ikkje slepper taket, og skildringa av kjærleikssorga er god og intens. Robin blir søvnlaus og handlingslamma, og slit med å komme seg igjennom dagane. Dette kan alle som har hatt kjærleikssorg, kjenne igjen. Romanen tematiserer einsemd, sorg og sakn.

På nåtidsplanet varer forteljinga frå november til juni, men vi får mange tilbakeblikk, både på oppveksten til eg-personen og på tida han har vore saman med Han. Robin tenker at dette var eit forhold som var over før det skikkeleg fekk begynt, og at det var mykje dei ikkje rakk. Nå består dagane mest av å jogge, ete, skrive og lese. Mange delar av autofiksjonen blir essayistisk i forma, her prøver forfattaren ut tankane sine om t.d. einsemd, kva ein heim er, det å få barn eller kva etymologisk opphav ord har. Det blir mykje skildring av tankar og kjensler, og ikkje så mykje handling. Teksten får nesten eit dagbok-aktig preg. Han knyter seg også til mange referansar innanfor litteratur, filmar (særleg Titanic og Star Wars), songar og kunstverk.

Av Adam, ein tidlegare kjærast, får Robin spørsmålet om han har lyst til å bli forfattar, og han svarer at det er ein stor draum. Her får vi også presentert det vi kan oppfatte som det litterære programmet til forfattaren: «Men målet er å skrive ein roman. Ein skeiv kjærleiksroman med ein god del homoerotikk, for det finst det ikkje nok av i norsk samtidslitteratur».

I tilbakeblikka får vi sjå ein gut som i barndommen kjenner seg utanfor, han synest han ikkje er som dei andre, og trivst ikkje så godt. Han har ikkje mange vennar, og får ein del skjellsord etter seg. Då han er ferdig med vidaregåande heime i Belgia, drar han til Amsterdam for å studere norsk. Her blir han kjent med Anne som han også er kjærast med ei stund. Fleire vennar synest han det er vanskeleg å få, og lærer seg på ein måte å leve med einsemda. Etter kvart flyttar han til Oslo for å studere meir, og der er han saman med Adam ei stund. Då det blir slutt, flyttar han til Bergen og arbeider på eit bibliotek. Livet hans er prega av mykje uro, nye sexpartnarar og stadige flyttingar: «Eg: eit ord, ein trekkfugl».

Vi følgjer Robin og arbeidet med sorga frå november til ein solskinsdag i juni. Alt går i bølgjer, og han har sett på google at ei kjærleikssorg varer tre månader. Han erfarer at dette ikkje stemmer. Robin har ikkje treft på Han i alle desse månadane, men ein dag skjer det.

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker