Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Bokomtale

Sigri Sandberg: Ro. Om Sognefjorden og ein lang rotur heim

Livet trykker på frå alle kantar med pandemi, alvorleg sjukdom og død rundt ho. Då bestemmer Sigri Sandberg seg for å finna ro ved å ro. Ei meditativ bok med innsikt og utsikt. 

Delar av oppveksten budde Sigri Sandberg i Eivindvik i Gulen, der Sognefjorden renn ut i havet. Der set ho seg i robåten og ror mot Luster inst i fjorden, der ho delvis bur no. Undervegs fortel ho fakta og skrøner om fjorden og naturen og menneska som bur der. Heile tida leitar ho etter jording og ro. På delar av turen har ho selskap i båten. Lesaren får møta mannen hennar, venninner og mora Signe, som var den første kvinnelege soknepresten i Bjørgvin. 

Forfattar Sigri Sandberg har eit sterkt engasjement for naturen. Det ser ein i omtrent alt ho skriv, og det er òg tydeleg i denne boka. Ho løftar blikket oppover fjellsidene, og ho tar oss med ned i djupet av Noregs djupaste fjord. Ho tar opp problemstillingar som forureining og at det er mindre fisk i fjorden no enn før. Nokre snarvisittar til vikingtida får me òg. 

Boka byr på møte med menneska som bur langs fjorden, ein god dose humor og eksistensielle spørsmål som kva det betyr å komma frå ein stad og kva som skal til for å vita at ein har funne heim. Dette er ei velskriven og meditativ bok som har noko å by alle unge og vaksne vaksne. 

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

Øyvind Lauvdahl: Ingeniør Knut Berg
fantastisk litteratur
Agnes Ravatn: Gjestene
unge vaksne
Ørjan Zazzera Johansen: Historia om Erling Braut Haaland
9–12
Martin Baldysz: Vardane
fantastisk litteratur