Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Bokomtale

Sivert N. Nesbø: Varme og vatn

Handlinga i nåtid varer nokre sommarveker, og hovudpersonen i romanen heiter Lars. Han er fjorten år gammal. Han bur saman med foreldra og veslesøstera Thea. Dei bur i eit bustadområde i ei bygd, men noko meir om tid og stad får vi ikkje vite. Dette understrekar noko av det allmenne ved romanen.

Nesbø har skrive eit kjenslevart portrett av ein ungdom som arbeider med tankar om livet og det å finne plassen sin, noko som er ganske typisk for det å vere ein tenåring. Lars har eit godt forhold til søstera si og vil støtte og hjelpe ho, men han har samstundes dårleg samvit for at han ikkje alltid har gjort det. Han har kasta stein i hovudet på ho, og skamma seg over at ho sprang med rare rørsler over skoleplassen. Dette tenker han på fleire gonger.
Lars har fleire kameratar, men det verkar ikkje som om han har ein besteven. Han er usikker overfor dei, og veit ikkje heilt kven han kan stole på. Han liker fotball og dataspel, og kjenner på ein gryande seksualitet. Han er redd for å bli avvist og leiter etter aksept. Han er ein følsam gut, og tar alt som blir sagt, innover seg. Han kjenner seg ofte einsam, og ønsker å bli sett, både av venane og foreldra. Han synest det er vanskeleg å snakke med foreldra, men observerer kva dei gjer.

Den smålåtne romanen på 111 sider kretsar om heilt kvardagslege hendingar, og dei tankane Lars har om ting han har opplevd tidlegare. Romanen har gode skildringar av tilstanden ein ung gut er i, der små ting fort kan kjennast store, og ein er usikker på det meste rundt seg.

Kategoriar

Fleire boktips

Martin Baldysz: Vardane
unge vaksne
Brynjulf Jung Tjønn: Kvit, norsk mann
dikt
kjærleik
dikt