Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Tone Nilsen-Bie: På leit etter hjartet ditt

«Det har alltid vore deg, Tirill», seier Sigve. Han har nettopp brote ei truloving, og gir nå ringen med namnet sitt til Tirill. Dei to har vore saman ei kort stund for to år sidan, men har ikkje kunne gløyme kvarandre. Tirill trur at Sigve har drukke, og seier han kan seie det same når han er edru. Etterpå møter ho kompisen Jakob som kan fortelje at Sigve var sjåfør denne kvelden, og han skuldar ho for å vere ei isdronning. Tirill leitar etter Sigve, men han er ikkje på festen lenger.

Dette er opptakten til ei dramatisk historie. Tirill vaknar av at Jakob bankar på vindauget, og han fortel at Sigve har krasja og har blitt hardt skada. Han døyr etter at familien har sagt ja til å kople ifrå maskinen og ja til organdonasjon. Dette er sjølvsagt eit stort sjokk for Tirill, eit sjokk som ikkje blir mindre av at ho verken får sjå han på sjukehuset eller vere med i gravferda. Dette innleier ein lang periode der Tirill synest at sorga hennar ikkje blir forstått, og ho synest ikkje at ho har nokon å snakke med heller. Ho overhøyrer ein samtale der ho får skulda for at Sigve køyrde seg i hel.

Tirill klarer ikkje å komme seg vidare, ho fastnar i tankane om kva som skulle ha vore mellom Sigve og ho. Etter kvart blir det vanskeleg å halde kontakten både med dei gamle vennane og med mora si. Ho flyttar til Oslo for å fullføre vidaregåande, men det hjelper ikkje på situasjonen hennar. Ho synest det er utruleg vanskeleg å tenke på at nokon andre skal gå rundt med hjartet til Sigve, ho tenker på det som sitt. Dermed bestemmer ho seg for at ho skal finne ut kven som har fått dette hjartet, og på leitinga etter det, skyr ho verkeleg ingenting. Tittelen på romanen kan dermed forståast på to måtar.

Dette er ein kort roman på 103 sider. Forteljinga startar og sluttar med variantar av den same draumen om bankinga på vindauget. Romanen er delt i to delar, ein som fortel om ulykkesnatta og dagane etterpå og den andre delen som er 287 dagar seinare då ho bur i Oslo. Gjennom denne forteljinga med mange vendepunkt, vender ho seg også direkte til eit du, som er den døde Sigve. Dette er ei historie om kva som kan hende om ein henger seg fullstendig opp i og blir lamma av ein draum om ein kjærleik som ikkje blei. Her får det store konsekvensar for mange.

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker