Marianne Gretteberg Engedal: Pølsetjuven

Familien til Kjell er tjuvar, men Kjell har ikkje lyst til å stela ting frå folk. Det einaste han stel, er ting som ingen eig lenger. «Å plukke søppel er ikkje å stele, det er å rydde. Tjuvar ryddar då ikkje», seier mor hans oppgjeven. Det heile toppar seg når venen til Kjell, Pølse-Per, dreg på ferie. Då krev familien at Kjell skal vera med og stele frå huset til pølsefamilien. Men må Kjell vera ein tjuv, berre av di familien hans er tjuvar?
Veronika Erstad og Ella K. Okstad: Korleis bli kvitt ei veslesøster

Guri får ei veslesyster, men det har ho ikkje lyst på. Livet var langt enklare før babyen kom og stal all merksemda til mora med skrik og skrål.
Øystein Runde: Berserk

I 2009 kom Øystein Runde med teikneserien Soga om Olav Sleggja, og etter ni års venting kjem no endeleg bok to i serien. Denne gongen byrjar soga med at Olav Sleggja går i land, hardt skadd, med eit spedbarn på skuldrene og med tarmane halvvegs hengande ut frå eit ope sår i magen. «Denne dagen vert lang. Eller kort», slår han fast på lakonisk vis. Deretter vandrar han rett inn i ein konflikt mellom tre ulike gjengar av berserkar, ein konflikt som kjem til å få eit blodig utfall.
Anders Totland: Den norske slavehandelen

Den dansk-norske medverknaden er ofte underkommunisert når norske born skal læra om slavehandelen. I den nye faktaboka si gjev Anders Totland ei levande skildring av kvardagen til nordmennene som dreiv med slavehandel.
Asbjørn Rydland: Draumsende

Asbjørn Rydland er no ute med Draumsende, andre bok i Vegandi-serien. Bok nummer ein, Galderstjerna, vart vinnaren då norske ungdomar i 2017 skulle kåra den beste ungdomsboka, og Draumsende er minst like god som fyrsteboka. Tempoet er høgt, språket er godt, handlinga er spanande og du veit aldri kva som kjem kring neste sving.
Mette Karlsvik og Tord Torpe: Kjøt

Ein ung, kvinneleg student tek bussen til endehaldeplassen for å utforska området, men rotar seg bort og famlar inn i eit møte med det ukjende.
Anja Dahle Øverbye: Bergen

I den nye teikneserieromanen til Anja Dahle Øverbye møter me Maria. Ho er fersk student i Bergen, slit med depresjon og bruker litt for mykje tid på pub og litt for lite tid på lesesalen.
Ida Eva Neverdahl: Jojo

Den fargerike, humoristiske og absurde teikneserien Jojo går fast i Norsk Barneblad. Her møter du robot-einhyrningar, ånder i brusboksar, ninjamødrer, søte dyr, fiskeprinsesser og anna som Jojo støyter på i den magiske kvardagen sin. No er endeleg seriane om Jojo samla i bokform, med ei heilt nyskriven rammeforteljing som opnar og avsluttar boka.
Linda Klakken: Dumme, dumme hjarte

I byrjinga av boka tykkjer Klara at kyssing er ekkelt. Ho grøssar av synet av Romeo som kyssar Julie på teateret. Æsj! Spytt og greier! Men so hender det, slik det gjerne gjer i den alderen, noko som gjer at ho sjølv får lyst til å kyssa.
Sturla Bang og Hilde K. Kvalvaag: Under

Det totalitære framtidssamfunnet Zeijang-Volvo er, bokstaveleg tala, bygt på restane av eit tidlegare samfunn som har gått under. Her møter me barneheimsjenta Ela, som arbeider som slave i produksjonshallane. Ho oppdagar etter kvart at regimet tek livet av folk, og ho set difor i gang eit opprør.
Terje Torkildsen: Humorboka

Kva er eigentleg humor? Kva gjer at noko er morosamt? I denne faktaboka tek forfattar og komikar Terje Torkildsen føre seg slike spørsmål.
Dette er Poppeloppane!

Forlaget Vigmostad & Bjørke kjem no med fyrste bok i ein serie med dei populære barne-tv-figurane Poppeloppane. Boka har ei enkel forteljing i eit fargerikt og sprudlande biletspråk, og som i fjernsynsserien står omgrepslæringa sentralt.
Arnfinn Kolerud: Snillionen

Frank og Mor vinn 24 millionar kroner i lotto. Mor seier at Frank ikkje får bruka sin del før han vert atten, og sjølv har ho tenkt å halda fram med å leva som før, bortsett frå at ho tek ei breiare stripe med majones på skiva enn det ho tidlegare har brukt å gjera. Det heile er særs frustrerande for Frank, og det vert ikkje noko betre då Mor ein dag går ut i avisa og seier at ho vil gje bort ein million til ein person i bygda som gjer noko ekstra snilt.
Visste du at …?

Leseland-serien til Samlaget er no utvida med tre nyskrivne, lettlesne faktabøker for born som nett har lært seg å lesa. Bøkene er midt i blinken for ferske lesarar som er glade i dyr.
Asbjørn Rydland: Galderstjerna

Asbjørn Rydland demonstrerte med den prisvinnande bokserien om Drakeguten at han kan kunsten å skriva god fantasy. No har han byrja på ein ny serie, Vegandi, og fyrste boka har fått tittelen Galderstjerna.