Elin Eika Bringa og Ella Okstad: Else og forvandlinga

Else og forvandlinga

Else og forvandlinga er skriven av Elin Eika Bringa og illustrert av Ella Okstad. Biletboka kombinerer rim, fantasi og kvardagsopplevingar i eit uttrykk som både kan vere leikent og tankevekkjande. Vi blir kjende med ei jente, Else, som opplever sterke kjensler og tankar. Dette kjem til uttrykk gjennom ei fantasifull forvandling.  

Nusa, Haaland og Ødegaard – fotballbøker for dei yngste

Er du interessert i fotball? Har du lyst til å lese kule fakta om tre norske fotballstjerner? Då kan du lese dei tre nye «Visste du at …?»-bøkene om Antonio Nusa, Erling Braut Haaland og Martin Ødegaard. Her får du vite spennande fakta om livet deira – som kva dei har fått til på bana, og kva interesser dei har. 

Markus Lantto og Camilla Kuhn: Kåre og Marimba finn ein oppfinnar

Kåre og Marimba finn ein oppfinnar

Markus Lantto og Camilla Kuhn er tilbake med nok ei sprelsk bildebok om tospannet Kåre og Marimba. Denne gongen ønskjer Kåre og Marimba å lage ei oppfinning som rommar interessene til begge to. Tenk å vere så heldige at naboen har hagen full av skrap og skrot.

Saga og Storm blir ikkje kjærastar

I denne romanen følgjer vi bestevennane Saga og Storm. Dei har sin eigen humor og veremåte, og slik trivst dei godt saman. Ein dag kjem det ei ny jente i klassa deira, Boel, og plutseleg står Saga i ein krevjande og omveltande kvardagssituasjon. Boel sin veremåte påverkar dei andre, og Saga kjem i situasjonar ho eigentleg ikkje har lyst til å vere deltakande i.  

Brynjulf Jung Tjønn og Skinkeape: Kva tenker du på?

Biletboka Kva tenker du på? handlar om ei jente som prøver å forstå kva som skjer med pappa. Han gjekk frå å tulle og tøyse til å vere stille. Mamma forklarar at pappa har mykje å tenke på. Men stilla varer så lenge at jenta nesten gløymer korleis stemma hans høyrest ut. Regnet kjem, og alt kjennest så tungt.

Marthe Holien Bø: Ni løgner og jakta på eit smil

Marthe Holien Bøe: Ni løgner og jakta på eit smil

Ni løgner og jakta på eit smil er ei rørande og hjartevarm forteljing om sorg og glede og å halde på det som var. «Eg ser ned på det mørkeraude blodet som renn frå knea mine. Det er betre å ha vondt i knea enn i hjartet». Vi blir kjende med 9 år og 66 dagar gamle Klara som fortel om ein krevjande livssituasjon.