Mone Celin Skrede: Mi høgre hand: mot ein identitet som funksjonshemma

Mona Celin Skrede: Mi høgre hand

Mone Celin Skrede debuterer som forfattar med eit svært viktig bidrag for mangfald og likestilling for funksjonshemma. Ho er fødd med ei høgrehand som er mindre enn den venstre. I boka fortel ho korleis det er å vekse opp i distriktet på ’90-talet utan å identifisere seg som funksjonshemma, og vegen, kampen og manøvreringa fram til i dag – der ho har denne identifikasjonen, tilhøyrsla og endeleg eit meir helsebringande, demokratisk og berekraftig liv.

Jeswanthini Mayooran: Aldri god nok

Jeswanthiny Mayoora: Aldri god nok

I denne boka skildrar Jeswanthini Mayooran sin eigen oppvekst og kamp for eiga helse og sjølvstende. Forfattaren er fødd av tamilske innvandrarforeldre på vestkysten av Noreg, og tek føre seg ambisjonspress og forventingar frå foreldre – som kan vere på tvers av den unge sine eigne ønske og eigenskapar.  

Stine Hanssen Brattland: Innanfor. Utanfor. Men alltid autist 

Bokomslag: Innanfor. Utanfor: men alltid autist

Med boka Innanfor. Utanfor. Men alltid autist gir Stine Hanssen Brattland ei personleg og viktig skildring av korleis det er å leve med autisme, før og etter diagnose og forståing. Brattland er fødd i 1983, og bidreg no i det offentleg ordskiftet for auka kunnskap, forståing, helse og moglegheitsrom for menneske med autisme – generelt, og spesielt for vaksne (kvinner) som blir diagnostiserte først i vaksen alder.  

Frida Fliflet: Kan eg sjå på

Kan eg sjå på av Frida Friflet

Frida Fliflet (fødd 1994) frå Bergen debuterer med novellesamlinga Kan eg sjå på. Samlinga er i spelet mellom det gode i livet, liding, det vittige, tradisjonelle og moderne. Ho utforskar tema som skam og kropp, nye, gamle, unge og eldre relasjonar. Det å bli sett – eller forsøkt oversett. Om å kjenne styrke og handlekraft, det sårbare og makteslause. I samlinga møter du eit galleri eldfulle jenter, smak av Latin-Amerika, besteforeldre, direkte musikk og litterære vink. Forteljarane er gjerne unge, den yngste er ein liten gut – kanskje rundt seks år.  

Aina Basso: Før det blir morgon

Aina Basso: Før det blir morgon

I Før det blir morgon er vi i eit bondesamfunn i Noreg i 1733. Josefa på femten år skal vere tenestejente på ein storgard. Ho er forplikta til å arbeide på garden i eitt år, og vil bli straffa om ho forlét tenesta før tida.

Berenika Kołomycka: På fire bein. Trøbbel

Berenika Kołomycka: På fire bein. Trøbbel

Trøbbel er sjette del av den vakre teikneserien På fire bein av Berenika Kołomycka. Endeleg er Vesle Rev og Store Villsvin tilbake med bodskapet om det gode livet til oss. I denne boka er også Skogmusa, Ekornet og Eldfluga sentrale karakterar i spennet og virvaret mellom det gode og vonde.

Brynjulf Jung Tjønn: Norsk kjærleik

Brynjulf Jung Tjønn: Norsk kjærleik

I Norsk kjærleik er det kjærleik som renn som ein klar straum gjennom diktsamlinga. Tjønn går igjen i djupna på si eiga livshistorie, og opp og fram kjem dikt som fløymer i spennet mellom vest i Noreg og sør i Korea. Dikta har narrative element frå Tjønn sitt verkelege liv og går i djupna der det gjer mest vondt. Med si særeigne stemme, ro og nøysemd, skildrar Tjønn det nærmast umoglege spennet som er ved å vekse opp som ein gut fødd i Korea og adoptert som odelsgut til ein gard på Vestlandet.

Elen Betanzo: Kjenner du Becker?

Elen Betanzo: Kjenner du Becker?

Den nye naboguten til Tale er eit fyrverkeri. Han kallar seg Becker, fjasar og syng og insisterer på at Tale og han skal bli bestevenner! Dei skal til og med gå i same klasse. Tale er mest vand med å vere aleine og blir ør og matt av maset. Men er det ikkje litt fint med ein venn også? Ein som tvingar henne ut av skalet?

Martine Grande: Ringen

Martine Grande: Ringen

«Ringen» er ein del av Leseland-serien til Samlaget, ein serie for barn som lærer å lese. I denne boka har Grande skrive humoristisk, svart og kvitt … og litt håpefullt gult … om kva som er rett, og kva som er gale.

Berenika Kołomycka: På fire bein. Bang!

Berenika: På fire bein. Bang!

Bang! er femte del av den vakre teikneserien På fire bein av Berenika Kołomycka. Vesle Rev og Store Villsvin kjem no endeleg heim frå eventyr og til epletreet sitt. Her ventar haren, piggsvinet, musa og grevlingen, som også bur i og passar på dalen. Dyra vert raskt gode naboar. Ein ny innbyggar, Skjora, er også komen til dalen. Ho samlar på allslags rusk og rask som viser seg å vere skadeleg og farleg for dei andre dyra.

Guro S. Auganes: Katteskriket

Guro S. Auganes: Katteskriket

Vi møter Julie som er 11 år. Ho lever saman med mødrene sine, men no skal ho overnatte eit stykke unna og aleine hos besteforeldra i heile tre netter. Julie er redd for å sove heimanfrå, og ho og dei vaksne har bestemt at ho skal øve seg til hausten. For då skal ho på overnattingstur til Göteborg med bestevenninna si. Problemet er at Julie har gløymt kor skummelt det er i huset hos besteforeldra!

Conny Palmkvist: Fire minutt over tolv

Det er ei mild julinatt. Nikolas på 12 år sit på ein stol, vrir seg og lever medan mamma ligg i ei seng ved sida av og skal døy. Det er mest ikkje til å halde ut. Det hjelper ikkje eingong å sjå på morosame hundar på YouTube. Nikolas må berre bort.  

Mary Ruefle: Fjomp

Mary Ruefle (fødd 1952) er ein amerikansk poet, essayist og professor. Med Fjomp blir Ruefle sine dikt presenterte for norske lesarar for første gong, gjennom Martin Ingebrigtsen si gjendikting.

Berenika Kołomycka: På fire bein. Den vegen.

«Den vegen» er fjerde del av den vakre teikneserien «På fire bein» av Berenika Kołomycka. Vesle Rev og Villsvinet er framleis ute på eventyr. Her snakkar dyra vi møter om sine eigne ønske og korleis dei finn mot til å setje draumane sine ut i livet. Reven, Villsvinet og Selen fortel kvar si historie om det å ha følgt kjenslene sine og ha valt sin eigen veg.