Ingunn Røyset: Perfekt

Perfekt er ein roman for 7.–10. trinnet. Her møter vi Pia med kallenamnet Peanøtt. Pia bur heime saman med far sin. Mora har flytta til Oslo for å arbeide som sekretær for ein minister på stortinget, og er sjeldan heime. Det er noko einsamt og sørgjeleg over heimen til Pia. Mor har reist for å få miljøbyte og karrierevekst, og far verkar energilaus og fjern.  

Ut på eventyr – 13 + 1 eventyr som er snudd og vridd litt på

Eit utval kjente norske forfattarar har i samarbeid med Plan International Norge og Papermoon Publishing skrive nye eventyr baserte på tradisjonelle eventyr. Her tek ein opp arven etter dei tradisjonelle eventyra og justerer dei for likeverd, til samtida og framtida. Føremålet er at born skal vekse opp og vite at dei er gode nok, og at dei har jamstilte moglegheiter. Dette skal sjølvsagt gjelde born frå alle stader i verda.

Claudia Rankine: Medborgar: Eit amerikansk dikt

Dette er boka til ein heil generasjon. Å vere medborgar er ei forventning om at du skal delta, sjølv om samfunnet du lever i, fengslar, skadar og drep kroppar som ser ut som din. Medborgar er eit litterært vitnesbyrd over korleis rasismen til dagleg gjennomsyrar livet vårt, og er ei av dei mest lesne og omtalte amerikanske diktbøkene dei siste åra.

Kari Anne Bye: Eg bur her no

Dette er den andre diktsamlinga til historikar og forfattar Kari Anne Bye. Boka fylgjer opp ei Ho, ei kvinne i trettiåra, som i samlinga Eg et før eg kjem. Er det den same Ho?

Dikta rører ved menneskelege opplevingar kring kor fint og kor skremmande det kan vere å gå inn i ein relasjon. Det er ei forventing om fred og lukke, men så kjenner ein også på uro og redsle. Bye tek samtida og parinteraksjonar på kornet.

Jeaninne Masika Harrysson: Alt godt som enno ventar

I Alt godt som enno ventar utforskar Harrysson mellomrom, både dei i språket og dei i livet. Dette kan vere mellomromma som oppstår mellom orda i ei setning, og i romma mellom eit dikt og ei diktsamling. «Dikta er den staden dagen går for å kvile, den staden hjartet går for å finne igjen rytmen. For midt mellom alt, finst alt det gode som enno ventar», heiter det i omtalen frå forlaget.  

Tone Nilsen-Bie: Sumarvariasjonar

Sumarvariasjonar er teaterpedagog og ungdomsarbeidar Tone Nilsen-Bie sin skjønnlitterære debut. I novellesamlinga tek ho føre seg møte med utfordringar og sorg i ung alder, og korleis menneske kan vere til støtte for kvarandre. Bie skildrar allmenne og tidlause tema, og er samstundes tett på ungdomskulturen i dag.

Oskar Kroon: Vente på vind

Det er sommarferie. Venge er endeleg hos morfar på øya der han bur. Havet og øya lokkar med draumar og djupne. Venge drøymer om å bli sjømann og å segle til fjerne land og hamner. Kanskje vere litt helt, redde nokon skipbrotne.

Krista Lien Indrehus: Flør

Flør er den fyrste utgjevinga til Krista Lien Indrehus. Det er ei diktsamling som tek føre seg tematikken kring klima, tid og formødrer.

Kari Anne Bye: Eg et før eg kjem

Dette er den fyrste diktsamlinga til Kari Anne Bye. Vi møter Ho. Ho er kring 35 år og er arbeidsledig. Ho er høgt utdanna innanfor historie og liker teater. Ho bur på det som verkar som Bakklandet i Trondheim. Ho er singel. Og på Tinder.

Erna Osland og Victoria Sandøy: Kanskje, kanskje? Om tannfelling, tannfeer og trøyst

Kritikarroste Erna Osland har skrive ei bok der skjønnlitteratur og sakprosa går hand i hand. Ho fortel om tannfelling og trøyst og den fine og magiske fellesskapen som kan vere mellom barn og vaksne i tannfellingsprosessen. Boka er nydeleg og dyktig illustrert av Victoria Sandøy. Illustrasjonane er oppfinnsame og fargerike, og ho bygger godt opp den karakteristiske fagboka til Osland.