Helene Guåker: Høgspenning livsfare

I Høgspenning livsfare møter vi Lea. Ho kjem frå ein gard. No har ho nettopp byrja på musikk- og dramalinja på vidaregåande skule. Ho bur på hybel og kjenner ingen. Heime på garden ligg mamma i senga. Ho vil ikkje stå opp, uansett kva pappa eller Lea gjer. Kva er det med mamma?

Sigrid Agnethe Hansen: Ser du dette?

Anna går på ungdomsskulen. Ho og familien har nettopp flytta frå Tromsø og til ein mindre by i nord, dit bestemor bur. Bestemor er kul, ho, og ein god venn av Anna. Kanskje den einaste vennen ho har, faktisk. Men flyttinga er gjort fordi Anna treng å starte på nytt, med ny skule og nye venner. Anna har flytta frå eit rykte.

Ingelin Røssland: OMG

I OMG møter vi Maria på 15 år. Livet handlar om å bryte grenser og gjere opprør. Å feste, status i flokken, hærverk, å erobre unge menn med raske bilar og å skaffe seg seksuell røynsle.

Jo Salmson og Jimmy Wallin: HJELP! Det brenn!

Ein liten hund skadar poten sin då han trakkar på knust glas i parken. Stakkar! Slik kan vi ikkje ha det! Linn, Leonita og vennene i gata bestemmer seg for å ta ansvar og rydde parken for søppel og alle glasbitane som er der. Dei samlar avfallet ved søppelbøtta. Dei gjer ein kjempejobb og feirar med piknik. Men då det byrjar å lukte svidd i graset der glasbrota ligg, endar den fine dagen nesten med katastrofe ved at det byrjar å brenne.

Laura Djupvik og Camilla Kuhn: Jenta i kista

For over hundre år sidan budde det ein glad familie i eit stort og gammalt hus. Då var det leik og moro, inne og ute, høgt og lågt, dagen lang. No står huset tomt. Det har det gjort lenge. Det einaste som er att, er ei gammal kiste på loftet. Ingen orkar å bu i det gamle huset. Det kjennest kaldt og utriveleg, og av og til kan ein høyre bankelydar om natta. Ein dag blir kista opna …

Rune Belsvik: Fugleguten

I Fugleguten let forfattaren oss bli kjende med det indre livet til ein gut på kanskje 8-9 år, og korleis han oppfattar seg sjølv og livet han lever.

Roald Dahl (omsett av Ragnar Hovland): Charlie og sjokoladefabrikken

Charlie Bucket lengtar fortvila etter å ete noko meir enn kål og kålsuppe. Men endå meir ønskjer han å kome inn i Willy Wonka sin enorme sjokoladefabrikk. No har Wonka, den mest fenomenale sjokoladefabrikant i verda, gøymt fem gullbillettar i sine ekstremt nydelege sjokoladar.