Erlend Skjetne: Størst og minst

Familien til seksten år gamle Sissel legg alt til rette for dei spesielle behova til storesøstera Åshild. Det er ingen nøklar til å låse korkje rommet eller badet, dei reiser aldri med fly, og Sissel er vand med å greie seg sjølv og ta ansvar for søstera si. Åshild har kognitive funksjonsnedsettingar, manglar språk og treng hjelp til det aller meste. Me følgjer Sissel i ein periode med store omveltingar.
Terje Torkildsen: Jernvilje

I boka Jernvilje møter me den 15 år gamle ulvejegeren Vilje Vargbane for 1500 år sidan. Dette er ei tid der pesten herjar, og ulike hovdingar regjerer over kvar sine område i Noreg. Vilje ser seg sjølv som herse over heiane. Han har vakse opp åleine i fjellområdet saman med mor si, under ein steinheller. I barndomen har Vilje aldri hatt kontakt med eikidølane nede i Eikidalen. Då mor til Vilje døyr, må Vilje stole på sin eigen vilje.