Oskar Kroon og Hanna Klinthage: Kvitveis og pissrotter

Oskar Kroon: Kvitveis og pissrotter

Krister er den fine storebroren som fortel om solsystem og astronomi, og som prøver å bygge ein robot saman med veslebroren Kaj. Men ikkje alle gutane toler at Krister har andre interesser enn dei. Det er dei tre mobbarane Sakke, Krabbe og Gurgel som er pissrottene i historia.

Overtrykk 2025

Overtrykk 2025

Overtrykk er den årlege teikneserieantologien frå Überpress, og 2025-versjonen har det overnaturlege som tema. Antologien byr på fem ganske ulike fantasiverder, laga av teikneserieskaparar i Noreg.

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen: På ein skala frå ein til ti

På ein skala frå ein til ti

På ein skala frå ein til ti (2025) handlar om 16 år gamle Miriam. Ho har levd med to skadde bein sidan ho var to år, og der er ikkje betring i sikte. Miriam har to fine foreldre, og heldigvis har ho også tvillingsøstera Malin. Ho er Miriam sin besteven og hjelpar. Men Malin har to friske bein, og det minner Miriam om det ho manglar. Miriam bruker mykje tid og energi på å skjule beina og haltinga.

Anna R. Folkestad: Litt for snill

Anna R. Folkestad: Litt for snill

Dette er ei fargerik og tydeleg bok som kan setje i gang gode samtalar med lesarar frå 3 år og gjerne eit par år opp i skulealder.

Kari Stai: Flokken

Kari Stai: Flokken

Juri møtte verda i 2021 i boka Passe happy. No er han tilbake, like usikker og framleis i overgangen mellom barn og ungdom. Bøker om barn i puberteten handlar ofte om alle dei fysiske endringane. Her er hovudfokuset usikkerheita og alt det medfører av kjensler og tankar.

Arnfinn Kolerud: Ivar får ansvar

Ivar er 12 år, og foreldra meiner han er gamal nok til at vekeløna kan snu. No er det Ivar som må betale foreldra 100 kroner i veka.

Monica Goksøyr: Slemme jenter

Monica Goksøyr: Slemme jenter

Slemme jenter er ei samling noveller av debutanten Monica Goksøyr. Samlinga har sju noveller som kan lesast uavhengig av kvarandre. Dei har likevel nokre likskapstrekk: I fleire av novellene har hovudpersonen asiatisk utsjånad, med ein eller to foreldre frå Søraust-Asia. Nokre av novellene tematiserer kulturforskjellar.

Agnes Ravatn: Gjestene

Agnes Ravatn: Gjestene

Hovudpersonen Karin endar ufrivillig opp med ei vekes sommarferie i ei lånt luksushytte. Ho kjenner seg underlegen hyttenaboane, og fortel løgner for å passa inn. 

Aina Basso: Dei dødsdømde

Aina Basso er historikar og gjer ein grundig kjeldejobb. Ved hjelp av tragiske enkeltskjebnar teiknar ho opp det større biletet rundt dødsstraff. Dødsstraff i Noreg er historie, men mange stader i verda er det samtid.

Robert Muchamore: Brigands MC

Boka startar i motorsykkelklubben Brigands. Faren til hovudpersonen er medlem, og åtte år gamle Dante er ofte til stades i dette kriminelt belasta miljøet. Faren ryk uklar med leiaren i klubben, og Dante vert vitne til at foreldra og to av søskena vert brutalt drepne. Dante må flykte med veslesøstera, og dei vert plasserte i fosterheim.