Kari Stai: Er det sant at

Rakel er ei sprudlande jente som elskar tekning, fargar og paljettar. Denne dagen har dei vikar i forming, og han vil at dei skal teikne farsdagskort. Alle i klassen byrjar på oppgåva med stor iver og glede, alle bortsett frå to. Rakel kryp under pulten sin og gøymer seg. Alt er vanskeleg, og vikaren er dum. Så ser ho at den nye guten i klassa også sit under pulten sin. 

Markus Lantto og Camilla Kuhn: Kåre og Marimba hjelper til

Markus Lantto og Camilla Kuhn: Kåre og Marimba hjelper til

Kåre og Marimba kjedar seg og bestemmer seg for at dei skal hjelpe den fyrste personen dei møter på. Bak ein hekk ser dei Torsten, som strevar med å klippe av ein sykkellås, og dei spør om han vil ha hjelp. Torsten vil helst ikkje ha noka hjelp, men det vil ikkje Kåre og Marimba ha noko av. Men kva er det eigentleg Kåre og Marimba vert med på, og kan det vera at Torsten ikkje seier heile sanninga …? 

Idun Alma Ramsdal og Nora Brech: Tenk å vere eit MENNESKE

Idun Alma Ramsdal og Nora Brech: Tenk å vere eit menneske

Tenk å vere eit MENNESKE er ei diktsamling med 45 vakre og undrande dikt som følgjer eit barns tankar og refleksjonar frå leggetid til neste kveld. Kvar kjem søvnen frå, og kva er eigentleg ein tanke? Kilar det når vinden blæs i blada til eit tre, er kvelden ein ven av mamma og pappa? 

Anna R. Folkestad: Bålbaluba

Anna R. Folkestad: Bålbaluba

Besta og Bo er på tur. Dei skal grille pølser og lagar eit fint bål med steinar rundt. Når det er på tide å tenne på, finn Besta ut at ho har gløymt fyrstikkene! Korleis skal dei klare å grille pølser da?  

Anna R. Folkestad: Pyntepanikk

Anna R. Folkestad: Pyntepanikk

Endeleg ei julebok med Besta og Bo! Jula nærmar seg, og det er på tide å pynte i huset til Besta og Besten. Dei finn fram dorullnissar og julelys og pyntar treet, men Besta får ikkje heilt julestemning. 

Unni Vik og Tiril Valeur: Kan bakteriar bæsje?

Kan bakteriar bæsje? er ei innhaldsrik faktabok for barn som er interesserte i å lære meir om bakteriar. Boka tek for seg dei gode og dårlege sidene ved bakteriar, og ikkje minst bakteriane sin promp og bæsj. For kan bakteriar eigentleg bæsje? 

Leonard Weisgard: Pelikan her, pelikan der

Leonard Weisgard: Pelikan her, pelikan der

Pelikan her, pelikan der er ein amerikansk barnebokklassikar frå 1948 som har kome i nynorsk omsetting. Boka handlar om to pelikanar som bur på ei øy ute i havgapet utanfor Florida. Ein dag bles det opp til storm, og den eine pelikanen vert blåsen heilt opp til Canada! 

Kari Stai: Jakob og Neikob og tidsmaskinen

I den sjuande og siste boka om Jakob og Neikob er temaet tid. Etter å ha vakna ein morgon der dei plutseleg har fått skjegg og bart, innser dei to venene at dei må ha sove veldig lenge. 10 år! Dei som skulle sova slik at tida gjekk fortare.  Men kvar er tida blitt av … Er det Tjuven som har vore på ferde?  Neikob vert stressa. Kanskje dei kan kjøpe tid? 

Lena og Olof Landström: Bø og Bæ og stakkars Bo

Bø og Bæ og stakkars Bo er ei nydeleg barnebok som eignar seg godt for barn i alderen 0 til 6 år. For dei yngste er det mykje å lesa i teikningane, og det er mange fine detaljar ein kan bruke god tid på å studere. Handlinga er enkel og lett å forstå. For dei eldre er det korte og gode setningar når ein så smått skal til å lesa sjølv, og språket i boka er gjennomgåande godt. Dette er ei barnebok der ein oppdagar fleire detaljar og nyansar for kvar gjennomlesing, både i teikning og innhald.