Überterror

Teikneserieantologien Über er ute i nytt nummer med bidrag frå 8 ulike teikneserieskaparar. Heftet er den trettande teikneserieantologien frå forlaget Überpress. Temaet i denne utgåva er terror, og teikneserieskaparane lyftar fram dagsaktuell tematikk i underhaldande form. Omgrepet terror ber mange tydingar, og kvart bidrag skildrar fenomenet frå ulike perspektiv.
Mathias Nyhagen Asplund: Der ingen finn oss

Han er sjuk, går ikkje på skulen og må vere heime. Ho trivst ikkje på skulen, blir mobba og føler seg ikkje sett heime. Dei møtest ute mellom blokkene der dei bur og finn at dei saman kan reise inn i fantasien og oppleve utrulege skapningar og spanande eventyr.
Erna Osland og Inger Lise Belsvik: Bokstavsommaren

Erna Osland har på oppdrag frå Nynorsksenteret og Lesesenteret skrive ei samling med bokstavtekstar. Kvar forteljing fokuserer på ein enkelt bokstav og handlar om Styrk og Zara. Forteljingane innbyr til samtalar om det du finn i fjøra og til leik med bokstavar, lydar og ord. Tekstane kan lesast som ei samanhengande forteljing, men det er òg mogleg å lese dei ulike bokstavforteljingane frittståande.
Anne Karin Fonneland og Akin Duzakin: Flyg ut kom tilbake

I Flyg ut kom tilbake har Anne Karin Fonneland skrive ei fin diktsamling for barn i barneskulealder. Med naturen i fokus har dikta eit innhald lesaren kan kjenne seg att i og som gir ei kjensle av tilhøyrsle. Dette gjer dikta tilgjengelege for yngre lesarar.
Per Olav Kaldestad: Når sola kjem dettande inn. Dikt for store og små 1990–2004

Dette er ei fin samling med dikt som får oss til å mimre, trekkje på smilebandet og reflektere. Det er dikt ein godt kan lese høgt saman med barn, i klasserommet eller heime i sofakroken.
Lin Hallberg og Jonna Björnstjerna: Den magiske dyrebutikken. Mira

Den magiske dyrebutikken er ei fin forteljing om å trasse redslar og utfordre seg sjølv.
Petrus Dahlin og Johanna Kristiansson: Varehuset

Varehuset er ei skummel bok i Leseland-serien til Samlaget.
Kari Stai: Tankespinn

I boka Tankespinn har Stai skrive og illustrert ei vakker og innsiktsfull forteljing om vanskelege tankar i eit lite hovud.
Katarina Genar: Den mystiske skulen

Den mystiske skulen er ein bokserie med tre bøker: Ånda i glaset, Spøkelseshunden og Svartedama.
Dette er spennande forteljingar med passelege mengder grøss og gru.
Susie Hodge: Kva er greia med alle dei nakne folka i kunsten?

Kva er greia med alle dei nakne folka i kunsten? & andre viktige spørsmål om kunst introduserer barn og unge for kunsthistorie med eit format godt tilpassa målgruppa.
Finn Tokvam: Lothepus. Går det til helvete, så går det til helvete

Lothepus sine forteljingar frå barndomen, om utdanning, arbeidsliv og andre eventyr er førte i pennen av Finn Tokvam. Boka vitnar om mange røvarhistorier og påfunn, men òg hendingar som snur livet på hovudet og som er avgjerande for framtidige val.
Bente Bratlund: Svikta!

I Svikta! møter vi Iris som bur i lag med mamma. Når pappa fortel at han ikkje kan kome på skuleframsyninga der Iris er solist, blir alt verre. Ho og klassen har øvd i vekevis, og no vil ikkje pappa sjå henne danse og synge slik han hadde lova. Iris er så sint at ho diktar opp ei historie om pappa som hemn. Men tenk om vennene i klassen finn ut at ho har loge?
Gerard Van Gemert: Fotballgudane 1, 2 og 3

Fotballgudane er serien om bestevenane Stein og Storm som begge er dyktige spelarar på laget FK Rapitas.
Anders Totland: Så lenge ingen ser oss

Med korte setningar og enkelt språk med fin flyt fortel Totland ei opprivande historie om seksuelle overgrep.
Vegard Markhus: Ei kjedeleg bok

Ei kjedeleg bok kan seiast å vere ei bok litt utanom det vanlege. Det første lesaren møter, er forteljaren som kjem med ei åtvaring: Ikkje les dette! Det er ei kjedeleg bok. Eg skulle ønskje eg var i ei anna bok.