Ingelin Røssland: Pass dine eigne saker

Frå første side blir vi dregne rett inn i ungdomsromanen til Ingelin Røssland. Historia blir fortald av Ida som alltid har vore besteveninna til Pernille. Sommaren før dei skal starte på 10. trinn, har Pernille endra seg. Ho har byrja å henge med Thea og Naomi som er dronningane i klassen. Pernille har endra både stil og veremåte, ho har byrja å drikke alkohol. Ein dag oppdagar Ida at Pernille tek bilete av seg sjølv i berre stringtruse.
Vegard Markhus: Alien i klassen 3: Fake news

Fake news er den tredje boka i serien Alien i klassen. UFO-gjengen får mykje å handtere.
Jens Kihl: Blakk

Forfattar Jens Kihl (f. 1986) skildrar korleis det var å vekse opp i Ullevål hageby med dårlegare råd enn andre. Foreldra hans vart skilde då han var under 1 år. Mora var i 20-åra og nyutdanna sjukepleiar på Ullevål sjukehus. Ho vart kontakta av trygdekontoret med spørsmål om ho ikkje heller ville trygde seg: «Då ville ho få rett på ei rekkje ordningar som kunne gjere livet lettare å leve. Det ville ikkje mamma.» (Kihl 2025:7)
Rakel Helmsdal: Torebrak

Vi blir tekne med på innsida av eit hus med fire leilegheiter. Aurora (15) bur saman med faren Marinus og veslebroren Kaspian (8). Over dei bur Enara og Sirje (8) som har flykta frå eit anna land. Under dei bur pianisten Madame Iris som har budd der lenge. I den siste leilegheita bur unge Viktor som held seg mest for seg sjølv.
Erna Osland og Annette Saugestad Helland: Gratulerer, Anna!

Gler du deg til å bli storesøster eller storebror? Det spørsmålet har mange barn fått. I denne boka møter vi Anna, som har mange ulike kjensler rundt det å bli storesøster igjen.
Anker Eysajan og Hilde Hodnefjeld: Ein måne i magen

I denne diktsamlinga møter vi ein gut med rik fantasi. Gjennom dikta følger vi Krølle frå morgon til kveld. Han elskar å leike!
Ida Eva Neverdahl: Lucy klarer alt! Sirkuset

Lucy er ei kreativ jente som klarer alt! I denne boka har ho lyst til å bli sirkusdirektør, men korleis skal ho klare det når ho ikkje har sirkusartistar? Lucy får ein strålande ide: Kva om sirkusartistane hennar er kjempesmå?
Unni Vik og Rune Markhus: Sopp ein hal!

Denne faktaboka om sopp passar for både dei eldste i barnehagen og dei yngste i barneskulen. Teksten og illustrasjonane i boka forklarer på ein god måte kva sopp er, og kva sopp kan gjere.
Kristin Roskifte: Alle saman tel

Denne myldreboka er i stort format slik at det vert lettare for lesarane å sjå alle detaljane. Ein kan telje menneske, følgje dei, føle med dei og sjå korleis historiene deira vert fletta saman. For den som er nysgjerrig og har eit skarpt blikk, finst det mange små og store hemmelegheiter. Bakarst i boka finn du ulike spørsmål med illustrasjonar, i tillegg til hemmelegheiter og svar.
Kamilla Staurland: Sprettball

Foreldra til Lotte har flytta frå kvarandre. Mamma bur på øya Gruveland, medan pappa bur i Stavanger. 11 år gamle Lotte bur mesteparten av tida med mamma, men annakvar helg tek ho båten for å vere saman med pappa.
Vegard Markhus: Alien i klassen 2. UFO-gjengen

Dette er den andre boka i serien Alien i klassen. I den første boka, Mitt liv på feil planet, møter vi Ulrik som er heilt åleine. I den andre boka, UFO-gjengen, har Ulrik fått to gode vener.
Thoralf Fagertun: Kobbs hus

Historia byrjar med ei jente som kjem roande åleine i ein liten båt. Kvar har ho tenkt seg midt på natta? Ask oppdagar at jenta, som heiter Daniela, treng hjelp.
Ana Pêgo, Isabel Minhós Martins og Bernardo P. Carvalho: Plasticus maritimus. Alt om plast i havet

Ana Pêgo frå Portugal vaks opp nær ei strand der ho leika mykje i barndomen. Interessa for livet i og ved havet har alltid vore der. Som vaksen bestemte ho seg for å bli biolog, for å studere dyrelivet nærare. Etter kvart oppdaga Ana korleis plasten påverkar leveområda til dyr i havet og ved kysten. Ho begynte å samle på plast frå havet, og gav den nye arten eit namn: Plasticus maritimus. Plast blir broten ned veldig sakte, og det kan ta mange hundre år før han er heilt borte.
Mona Vetrhus og Sebastian Meschenmoser: Nattklubben

Veslebjørn, mamma og besta skal sove den lange vintersøvnen – men det vil ikkje Veslebjørn. Då besta var ung, var ho på nattklubb med diskokuler, hallingdans og sukkerspinn. Veslebjørn og besta snik seg ut på jakt etter ein nattklubb.
Ane Barmen og Skinkeape: Tone!

Tone er fem år og elskar å vere saman med storebror Daniel. Dei to søskena har det så kjekt saman, heilt til Daniel får besøk av veninna Ingeborg. Då får ikkje Tone vere med lenger. Daniel og Ingeborg vil øve på kornettane sine utan å bli forstyrra av Tone.