Hilde Myklebust: Splintra

Det har akkurat blitt sommarferie, og 10 års skulegang er over for venegjengen på fem. Mia, Else, Are, Jens og Halvor har vorte endå meir samansveisa på ungdomsskulen, men til hausten blir dei splitta. Då ventar vidaregåande for dei, med ulike linjer på ulike skular. Vi får ta del i venegjengen gjennom Mia, som er eg-personen i romanen. Venene er saman heile sommaren, og Mia oppdagar at det å skilje mellom vennskap og kjærleik kan vere vanskeleg.

Oliver Levang: Freden og andre historier

Freden og andre historier er ei samling med seks teikneserienoveller frå perioden 2016 til 2019. Skrekk og grøss er eit gjennomgåande tema når Levang lagar teikneseriar, og slik er det også her. Nettopp derfor er dette ei bok som ikkje er tenkt for dei yngste lesarane, men for ungdom og unge vaksne. På omslaget til boka kan vi lese at historiene handlar om alt frå familiekonfliktar til tidsreiser. 

Mariell Øyre og Borghild Fallberg: Bestefar og Miri

Miri har samla mange skattar. På rommet sitt har ho ei stor settekasse full av skjel, konglar og steinar, og kvar og ein av dei er full av minne. Skattar og minne ho har samla saman med Bestefar, bestevennen hennar. Bestefar seier aldri nei, er ein meister i å lage fuglelydar og tek på seg skulda dersom noko går gale. Men no har doktoren sagt at Bestefar vil få det betre dersom han reiser sørover for vinteren.

Christian Wiik Gjerde og Ingunn Thon: Oppdrag Romvesen. (5 episodar)

Oppdrag Romvesen er ein digital/nedlastbar lydbokserie som er inndelt i episodar. Det er forfattarane sjølve som les, og dei gjer det med stor innleving. Dei ulike karakterane i lydboka vert presenterte gjennom ulike dialekter og stemmer, og det vert gjort med stor overtyding. Lydboka er stappfull av lydeffektar og bakgrunnsmusikk, noko som gjer ho ekstra levande. Historia er spennande og morosam og passar for barnehagebarn og dei yngste elevane på skulen.  

Therese Garshol Syversen: Sting

16 år gamle Emma har opplevd noko av det vondaste og mest uforståelege nokon kan oppleve. Ein familietragedie, der Emma sin eigen far har skote både henne og mora, og Emma er den einaste overlevande. Vi følgjer Emma i tida etterpå, når ho må bu hos mormora si, og ha samtaler med psykologen Beate for å prøve å kome seg vidare. Prøve å hugse akkurat kva som har skjedd. Men Emma vil ikkje hugse. Det er for vondt. Kan ho lage ein ny versjon som er lettare å halde ut?  

Ida Eva Neverdahl: Sjå på Bård!

I boka Sjå på Bård! møter vi Amika, som elskar å vere ute. No har han fått eit nytt rullebrett som han gler seg til å prøve. Akkurat i det han skal til å springe ut døra, står mora hans der og minner han på at det er hans ansvar å gå på tur med hunden, som heiter Bård. Å gå tur med hunden er noko av det kjedelegaste Amika veit. Han veit likevel at han må gjere det, og tek rullebrettet under eine armen og held bandet til Bård i den andre.

Ida Eva Neverdahl: Skatehunden

Bård er ikkje som andre hundar, for Bård er kjempeflink til å skate. Amika og Bård er ofte ute og triksar på rullebretta sine, og ein dag møter dei ei dame. Dama kjenner att Bård, og spør om han vil vere med i ein skate-konkurranse for hundar som skal vere om ei veke.

Solveig Blindheim Bendixen: Den mystiske krukka

Tore har eit ønske som er større enn noko anna ønske, og det er å få pengar nok til å kjøpe seg eit telt. For om han får seg eit telt, er det kanskje eit håp om at han også kan få vere med Preben og gjengen på telttur i skogen.  

Lars Mæhle: Tusenfryd. Noveller

Tusenfryd inneheld historier om livet til seks gutar og jenter i ein tettstad ein stad i Noreg. Kvart kapittel gir lesaren innblikk i livet til dei ulike personane og viser at det gøymer seg meir i ein person enn det vi ser.

Karin Moe Hennie: Ninjana (2). Den sakna turisten.

Det er ikkje ofte ein får høyre om ein ninja i setesdalsbunad, men i denne bokserien møter vi faktisk ein liten gjeng av dei. Dette er den andre boka om Ninjana. Ninjana bur saman med mormora si i ei lita hytte oppe på eit fjell i Valle i Setesdalen.

Karin Moe Hennie: Ninjana – det store skredet

Dette er den første boka i serien om Ninjana, jenta som bur i lag med mormora si i Valle i Setesdal, trenar på ninjakunster,  kler seg i setesdalsbunad og har skjulte våpen i nasjonaldrakta. Ingen i bygda veit at Ninjana og mormora er ninjaer, og ingen må heller nokon gong få vite det.

Überpress: Overtrykk 2021

No er han her, den årlege teikneserieantologien frå Überpress! Sidan 2012 har forlaget kome med 16 antologiar der norske talent får lage teikneseriar. I år vert lesarane presentert for åtte historier. 

Arild Torvund Olsen, Trine Lise Normann og Are Edvardsen: Katten og kråka

Katten og kråka er ei spennande teikneseriebok, med ein katt og ei kråke i hovudrollene. Alt frå første side vert sansane til lesaren skjerpa. 

 Eit heilt folk måtte flykte frå høglandet til kysten då eit vulkanutbrot, etterfølgt av fleire år med vinter, gjorde det umogleg å dyrke mat. Vi møter folket fleire år etter flukta, og no er dei på veg tilbake til borga for å slå seg ned der. For å finne ut om det er trygt å fare gjennom skogen, sender leiaren av følget, ein trollmann som hevdar han kan snakke med både fuglar og dyr, ut ei kråke for å sjekke.