Overtrykk 2023

Er du ein av dei mange som gler deg til årets utgåve av Overtrykk? Her har vi Overtrykk 2023, overrisla med eldfluger, uventa heltar som til dømes veslesystrer, og ikkje minst staselege, tøffe og usikre hestar!

Maren Barlien: Einbreid bru

I denne underfundige romanen møter vi Astrid, ein ung musikkstudent, som har reist til Island for å arbeide med islandshestar på ein avsidesliggjande gard. Til foreldra og kjærasten Mikkel har ho sagt at ho skal studere musikk i Reykjavik. Men no er ho midt ute i øydemarka, med fjell, snø og vill natur på alle kantar, på hestegarden til den eldre psykologen Guðmundur Guðmundsson.

David Revoy: Pepar & Gulrot bok 1

I teikneserien Pepar & Gulrot treffer du den unge heksa Pepar, og katten hennar, Gulrot. Dei bur i eit skikkeleg kråkeslott, med spist tak, spindelvev og ei boblande heksegryte på kjøkenet. Her lagar dei ulike trylledrikkar, proppfulle med magi! Og sjølv om det står eit fare-skilt utanfor huset, er det ei svært så hyggeleg heks vi møter. Gjennom korte, humørfylte historier får vi vere med Pepar og Gulrot i kvardagen deira. Pepar melder seg på konkurransar i trylling, ho inviterer andre hekser til bursdagen sin, og ho leiter etter magiske ingrediensar til trylledrikkar som ho prøver ut på Gulrot.  

Heidi Marie Vestrheim: Jenny Fender

Likar du røffe gitar-riff, svarte T-skjorter og rock and roll? Lyttar du til høg musikk og prøver å få til ein kul sveis? Veit du kanskje kva ein Fendergitar er? Det gjer i alle fall Jenny Fender, ein alt anna enn roleg og forsiktig sjetteklassing.

Anja Dahle Øverbye: Tarjei 13 år

I denne teikneserieromanen møter vi Tarjei, ein gut på 13 år. Han går på skulen saman med bror sin, Olav. Det er ikkje så lenge sidan foreldra deira vart skilde, og no har mora flytta saman med kjærasten Leif i huset hans. Tarjei og Olav må bu litt med far og litt med mor, og dette er uvant.

Berenika Kołomycka: På fire bein. Lengst vekke

Berenika: På fire bein. Lengst vekke

I denne vakre teikneserien får vi fylgje Store Villsvin og Vesle Rev vidare i historia deira. Denne gongen legg dei ut på eventyr, gjennom skummel skodde, plaskande regn og varmande solskin.

Anders Totland: Til jord skal du bli

Anders Totland: Til jord skal du bli

Jacob Juul er pensjonert prest, leiar i birøktarlaget og sprithandlar. Snart er det jul, og ein kan nok driste seg til å seie at Jacob Juul får oppleve ei julefeiring av dei sjeldne. For på ein dag vert han bestefar, drapsmann og enkjemann. Men det er ikkje kona han tek livet av, altså.

Jula er her! 24 fantastiske julehistorier for barn

Jula er her! 24 fantastiske julehistorier for barn

Jula er her! 24 julehistorier er ei samling med nyskrivne julehistorier på både bokmål og nynorsk. Mange kjende norske forfattarar og illustratørar har gjort sitt beste for å skape både juleglede og refleksjon om kva jula kan vere i norske heimar.

Overtrykk 2022

Overtrykk 2022

Likar du skumle nøkkar, hekser som ikkje er faglærde, eller angrande jegerar? Likar du også teikneseriar? Då er det berre å gle seg! Teikneserieantologien Overtrykk 2022 gir deg alt dette og meir til!

Marit O. Kaldhol: På ei trapp i universet

Marit O. Kaldhol: På ei trapp i universet

Lurer du på mykje? Grublar du over kvifor det finst liv på jorda? Undrar du på kva som ville skje om du trefte på eit svart hol? Og kven var eigentleg først her på jorda – høna eller egget?

Thoralf Fagertun: Familien Gnork

Thoralf Fagertun: Familien Gnork

Familien Gnork er ei fartsfylt historie om venskap, fotball, store krokodillar med gnistrande tenner, flygande blåkvalar og irriterande klysegutar. Her må ein berre henge på, for den humørfylte forteljinga tek stadig nye vendingar og overraskar lesaren gong på gong!   

Tor Arve Røssland: Overleve bok 2 – Istid

Tor Arve Røssland: Overleve 2

I Istid, den andre boka i «Overleve»-serien, er forskingsskipet Bluenose tilbake i Bergen. Handlinga er sett til ei nær framtid, og Bergen er prega av massive klimaforandringar.