Sølvbåt og stjernevind

Sølvbåt og stjernevind er redigert av Per Olav Kaldestad og Hanne Bramness. Dei har invitert seksten lyrikarar som tidlegare berre har skrive for vaksne, til å skrive for born. Dette valet lyftar antologien. Her har ingen teke lett på oppgåva.

Barnas eigne vitsar

Barnas eigne vitsar er sende inn av lesarane av Norsk barneblad. Det er svenskevitsar, vampyrvitsar, skulevitsar, mor-og-far-vitsar og mange fleire. Og gåter! Artige og rare, morosame og teite.

Ole Lund Kirkegaard: Gummi-Tarzan

Ragnar Hovland har dei siste åra omsett fleire klassikarar for born til nynorsk. Forteljinga om Gummi-Tarzan av Ole Lund Kirkegaard kom ut i 1975. Boka er framleis elska av lesarane, meir enn tretti år seinare.

Asbjørn Rydland: Drakeguten

Stallguten Koll drøymer om å bli ein stor krigar og gjere som han sjølv vil. Men han er liten og puslete, er redd for vatn og kan ikkje eingong symje.

Hilde K. Kvalvaag: Fengsla

Feglsa av Hilde K. Kvalvaag fekk nyleg Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok. Dermed har prisen i denne kategorien gått til ei nynorsk utgjeving tre av dei fire siste åra.

Bente Bratlund: Mons Marius er ei løve

På biblioteket på Skei sit femten små lesarar uroleg på stolane sine. Dei skal få høyre forteljinga om Mons Marius som blir ei løve. Og ein snigel, eit stinkdyr, ein gris og ei bie.

Arnfinn Kolerud: Jakta på Andy Anderssons Eftf.

Komet-serien, lettlesen-satsinga til Samlaget, vert supplert med heile fem nye titlar denne hausten. Arnfinn Kolerud har skrive Jakta på Andy Anderssons Eftf., ei spennande forteljing i ein tekst full av språkleik.

Cory Doctorow: Veslebror ser deg

Veslebror ser deg er ei forteljing om den nære framtida vår, om kva det vil seie å leve i informasjonssamfunnet. Full fridom eller total kontroll? At boka i tillegg er umogleg å leggje frå seg er ein bonus.

Kari Stai: Blodrik og Blodfabrikken

Blodrik er proppfull av blodtypen Rhesus Eksplosiv! Heldigvis har han den tørste myggen Myggen som venn.
Blodrik og Blodfabrikken er ein flott oppfylgjar til Jakob og Neikob: litt opnare og med rom for meir meddikting.

Magnhild Bruheim: På flukt

Magnhild Bruheim er ute med ei ny kriminalforteljing om besteveninnene Kami og Bente. På flukt er den tredje boka i den populære serien, dei to første er Ny melding og Venneringen. Bruheim skriv spennande og aktuelt om ungdom som hamnar i farlege situasjonar.

Ole Røsholdt: Tjuvar, drapsmenn, bønder og kongar

Året er 995. Det er vikingtid. Øks og kniv sit laust. Hemn og ære er viktige drivkrefter. Boka er ei fagbok om Gulatinget på same tid som ho gjev lesaren ei fengjande forteljing full av forelsking, overfall, drap, avstraffing, tingferd, vitning og val.

Hilde Myklebust: Jon og den lange julenatta

Jon ventar. På julekvelden så klart, men mest av alt på følet som snart skal kome. Hoppa Tyra står føltung i stallen, ho har store auge og stor mage. Skjelv litt og trakkar med hovane. Jon skjønar at det kjem til å skje i dag.

Titus Kodzoman og Anne Angelshaug: Torbjørn Isbjørn

Det einaste isbjørnar er redde for, er å ramle av jordkloden. Det er fordi dei bur heilt oppe på toppen. Vesle Torbjørn Isbjørn er redd for noko mykje verre. Han er redd han ikkje er ein ekte, skikkeleg isbjørn. Fordi han frys!

Eventyrboka

«Første fabel om Opus» handlar om ein liten aurom, ein gul kvapse, ein diger muggedàs og ein heil flokk med fabbepiltar. Alle har gløymt korleis dei skal seie takk. Folkeskikken no til dags er ikkje som han var. Eller? Eventyrboka inneheld nye nynorske eventyr frå 19 forfattarar. Nokre er klassiske, andre er nyskapande. Alle er gode!

Maria Parr: Tonje Glimmerdal

I den nye boka til Maria Parr er ramma for forteljinga det som hender i Glimmerdalen frå vinterferien til påskeferien dette året då Tonje snart skal fylle ti år. Det skal testast heimesmidde rattkjelkar, takast salto frå Vardetinden, lamma skal komme og Gladiator må flyttast opp i sommarfjøsen. Her trengst det fart og sjølvtillit!