Laura Djupvik: Hundre appelsinar og ein fiolin

Laura Djupvik si andre skjønnlitterære utgjeving ligg i skjeringsfeltet mellom å vere ei barnebok og ei ungdomsbok. Forteljinga kretsar rundt fine tema som venskap, kjærleik, musikk, sorg, mot og viljestyrke.

Sylvelin Vatle: Gubben som ville fanga jula i ein håv

Gubben har ikkje pengar nok til å kjøpe ei stor og dyr gåve til barnebarnet Georg. Då landar noko merkeleg på fuglebrettet. Eit sjeldant, stort og lysande insekt! Er det ikkje forresten ein liten gut? Med venger?

Rasmus Løland: Kor vart det av jula?

I dag presenterer vi ei gripande forteljing som vart utgjeven første gongen i 1894. I samband med 100-årsmarkeringa av forfattaren Rasmus Løland vert denne klassiske langnovella utgjeven på nytt, språkleg revidert av Arnt Birkedal.

Magnhild Bruheim: Venneringen

Her kjem ein ny, spennande kriminalroman for ungdom. Ispedd tema som forelsking og rivalisering i venninneflokken har boka mykje å by dei unge lesarane. Vi møter att venninnene Kami og Bente frå boka Ny melding som kom i 2003, også den ein kriminalroman.

Ragnar Hovland: Verdt å vite (trur eg)

«Ei oppslagsbok for unge i alle aldrar om kva som er verdt å vite i livet,» seier framsideteksten. Dei små tekstane er organiserte alfabetisk, og slik er det ei opplagsbok ein kan lese mykje eller lite i, ein kan lese kva ein vil, kvar ein vil, og i kva rekkjefølgje ein vil.

Erna Osland: Fint å ha far

I boka Fint å ha far fortel Erna Osland om farskap i dyreverda, om ulvar, fiskar og froskar som har livsviktige omsorgsfunksjonar for ungane sine. Mange dyreungar må greie seg aleine, dei som får omsorg får det oftast frå mor. Men denne boka handlar om unntaka, om fedrene som kanskje til og med er aleine om omsorga for borna, slik som hjå bladhønene som lever på elvar og vatn i Afrika, Asia og Sør-Amerika.

Arnfinn Kolerud: Zoomarferien

Zoomarferien er ein relativt frittståande oppfølgjar til Den som ikkje har gøymt seg no frå 2004. Vi møter att 14-åringane Odd og Per Tore. Per Tore har fått nytt fotoapparat, og vil satse på å tene pengar på snikfotografering og utpressing.

Mine små leksikon

Mine små leksikon er bøker som er lette å lese, barnet kan gjerne lese dei sjølve når dei har knekt lesekoden. Dei har spennande og interessante illustrasjonar og relativt lite tekst.

Ragnar Hovland: Brevet

I 1980 gav Ragnar Hovland ut si første barnebok. I alle dei fantasifulle historiene er eit klassisk grunnmønster lett å kjenne att. Forfattaren skriv om reiser ut livet, vegen er staden der alt byrjar, han skriv om vegskilja, om å rive seg laus og om å bli vaksen.

Ingelin Røssland: Handgranateple

Anja har flytta frå heimbygda og morellgarden i Hardanger inn til Odda for å gå på vidaregåande. Nye veninner, gutar, hybelliv og festing. I eit drivande, reinskore språk med høgt tempo dreg forfattaren oss med inn ei spennande, truverdig forteljing.

Oskar Stein Bjørlykke: Hoppe i havet – Dikt for barn

Oskar Stein Bjørlykke viser endå ein gong korleis han greier å gå inn i barnetankar og -sansingar. Språket er enkelt, som hos eit barn, men kjenslene er store og viktige, som i eit ope barnesinn. Hoppe i havet handlar om dei små tinga, og dei store. Dei store tinga i dei små.

Bjørn Sortland: Triks

Den 16-årige guten som er hovudperson i denne boka vil gjerne få seg ei dame. Og ikkje kven som helst. I kjellaren bur den vakre utvekslingsstudenten Janice. Men å snakke med henne?

Lars Mæhle: Harry og Ivar i Junaited Statesen

Endeleg er karane Harry og Ivar tilbake etter oppfinnarkonkurransen i boka Harry og Ivar finn opp krutet. Harry har meldt seg på VM i plystring i Las Vegas, akkurat exactly! Og vinnaren får 100 000 dollars i moneys!

Atle Hansen: Skatten i Skutevika

Martin, Anders, Steinar og Anna er ute i Skutevika. Martin snorklar og finn nokre mystiske myntar på sjøbotnen. Ei hollandsk skute forliste utanfor Skutevika for lenge sidan. Kan det vere myntar frå forliset Martin har funne?