Tore Elias Hoel: To gutar til Paris

Det nærmar seg eksamen i tiande klasse. Albert og hans einaste kamerat Kyrre skal opp i fransk munnleg. Dei andre gutane gjev ikkje Albert fred. Kvifor er han så liten? Kvar er faren? Har han i det heile nokon far?
Bente Bratlund: Vi gir oss aldri

Unni er ny i klassen. Ho trur ho kjem til å bli utanfor og einsam, men heldigvis er det også ei anna ny jente i klassen denne hausten. Linn og Unni bestemmer seg for å halde saman.
Linn T. Sunne: Happy

Mo byrjar på ny skule ein ny stad. Ho og faren er nett flytta dit, han arbeider som lege og Mo går i sjuande klasse. Alle er nysgjerrige og tek godt imot henne i klassen. Kven er ho, kvar er mora, har ho søsken? Mo fortel og fortel. Men sanninga kan ho ikkje fortelje, ho gjer for vondt.
Eli Kari Gjengedal: Karl Oscar i hardt vêr

Familien til Karl Oscar reiser på ferie, men han vil slett ikkje vere aleine heime. Han klamrar seg fast i takstativet på bilen og blir med! Plutseleg tek ein kastevind tak i han og slengjer han langt av stad.
Godnattboka

I Godnattboka finn ein 22 historier med passeleg lengd for ei leggjestund. Fleire er tøysete og morosame, nokre er nifse, andre er lærerike, nokre er søte og ei går an å syngje! Variasjonen over temaet å leggje seg og å drøyme er stor.
Wolf Erlbruch: Det store spørsmålet

Kvifor er vi her på jorda? Det er barnet som spør. Svara er ulike, alt etter kven som blir spurt, om det er katten, bestemor, steinen eller anda. Boka opnar for gode samtalar og refleksjon saman med den vesle lesaren.
Ragnar Hovland: Fredlaus

14-årige Anders vert fortald at foreldra vil skilje seg. Han tek med seg ein pakke pølser, margarin og eit halvt brød. Fyrstikker og ein god kniv. Nokre bananar, eit eple, ein pakke kjeks, sovepose, munnspelet og det han har av pengar. Det er ikkje all verda. Så dreg han.
Mary Bente Bringslid: Hunden parabol tenkjer på månen

Dette er den andre diktsamlinga for born av Mary Bente Bringslid. Nett som dikta i debutboka Dei blå revane, set dikta i Hunden parabol tenkjer på månen fantasien i sving.
Barbro Lindgren og Eva Eriksson: Bella i Barnehagen

Vesle Bella er i same situasjon som mange små born denne hausten. Ho skal byrje i barnehagen, og alle leikene og kosedyra må vere att heime. Det blir leik og slåsting, gråting og kosing.
Torvald Sund: Fuglefangartreet

Ein treng ikkje omsetje Roald Dahl for å få skrekkelege skildringar av fryktelege bestemødrer! I boka Fuglefangartreet møter lesaren ei nifs bestemor som berre tenkjer på å gje det kjøttetande treet sitt nok mat, helst barnemat
Arnfinn Kolerud: Den som ikkje har gøymt seg no

Når Per Tore stengjer seg inne på rommet sitt og nektar å gå på skulen, i den tru at det kviler ei forbanning over han, vil mor til Per Tore at Odd skal snakke med han. Men Odd er ikkje så flink til å snakke.
Mary Bente Bringslid: Dei blå revane

Gode dikt for born finst det mange av, om ein leitar i den moderne, nynorske barnebokhylla. Mary Bente Bringslid brakdebuterte med denne samlinga i 2003, som ho fekk kulturdepartementet sin debutantpris for.
Torvald Sund: Da nissen kyssa mamma

Torvald Sund har laga ei fin forteljing om julenissen, som dei fleste av oss kanskje ikkje trur på lenger. Stinus er ikkje heilt sikker han heller. Tida sniglar seg av garde, eller ho går nesten ikkje i det heile tatt. Mor, far og Stinus ventar på julekvelden og julenissen. Nett då dei skal setje seg til bords kjem far på at han har gløymt gåva til onkel Anton! Så når nissen bankar på er han ikkje heime … Mamma gjer ikkje det minste forsøk på å halde nissen att så far får møte han heller, og då nissen skal gå reiser ho seg og kysser han! Midt på munnen!
Magnhild Bruheim: Ny melding

Magnhild Bruheim er ein etablert kriminalforfattar, men dette er den første boka der ho har ungdom som målgruppe. Med rutinert grep om sjangeren skaper ho ei skummel og skremmande forteljing med mobiltelefonen i sentrum for dramatikken.
Gianni Rodari: Fablar i telefonen

Rodari fornya barnelitteraturen med tema og former som framleis verkar uventa og forfriskande. Med humor og fantasi snur han forventningane våre på hovudet, og let lesaren sjå verda med nye auge og tenkje nye tankar.