Skarpe kantar av Therese Garshol

Ungdomslivet kan kjennast både kvelande og langdrygt, særleg når ein går rundt med ei uro og ei kjensle av å ville vere ein heilt annan stad. Maja går i tredje klasse på vidaregåande og er lei både hockeygutane, veninnene og skulen. Det er vanskeleg å halde fokus på norsk og matematikk når livet er i oppløysing. Maja har nyleg mista faren sin, og sorga er tung å bere. Forholdet til mor hennar som er narkopoliti, er anstrengt, ho gir Maja lite rom og er konstant redd for at ho skal hamne utpå.
Helene Guåker: Stella står i det

Stella er ti år, snart elleve. Ho bur i ei blokk i Ramnekroken saman med mor si og er besteven med Rania og Isaac. Stella trivst i blokka og på staden ho bur, ho elskar at det berre er å gå to dører bort til Rania. I hagen er det grønsakspallar og frukttre, og livet kjennest eigentleg ganske fint. Ho og mora har dessutan eit sterkt og godt nettverk rundt seg. Men innimellom blir Stella mint på at heimesituasjonen hennar skil seg frå dei andre sin.
Anders Totland: Mamma på dass

Kva gjer du når du oppdagar at mor di har delt bilete av deg på SoMe utan løyve, og det går opp for deg at barndomen din har blitt brukt til å skape digitalt innhald?
Andrea Rudland Haave: Sytten, snart atten

Kor går grensa mellom ekte kjærleik og manipulasjon? Mia er sytten år då ho møter sin 28-årige Tinder-date på byen. Han får ho til å føle seg sett og spesiell. Men det som først verkar som ein draum, viser seg raskt å vere noko heilt anna. Lukka blir kortvarig, og ein dag dumpar han henne utan førevarsel.
Peter F. Strassegger: Keisar Augustus

August er ein av dei ungdomane som alltid hamnar i trøbbel. På skulen blir han raskt peika ut som syndebukk av dei vaksne, som verken får godt nok innnsyn i eller forstår bakgrunnen for åtferda hans. Etter ei alvorleg valdshending mot ein medelev tek mora ei avgjerd: Dei må flytte. Ho lovar August at dette blir siste gong – no skal dei få ein ny start.
Therese Garshol Syversen: Eg skal rive deg i filler

Kva gjer du når stor urett blir gjort mot familien din? Går du vidare som om ingenting har skjedd, eller tek du opp kampen mot dei som påførte deg smerta? I denne spenningsromanen følgjer vi tenåringsjenta Iben som jaktar på hemn. Ho er fast bestemt på at gutane som øydela livet til den fjorten år gamle veslesøstera hennar, Alexa, ikkje skal sleppe unna.