Hildegunn Bjelland: Krabben Klara og konkylien

Forteljinga om krabben Klara og konkylien er ei fantasifull forteljing om eit viktig tema, plastforureining i havet.
Barbro Lindgren og Eva Eriksson: Bøkene om Pål

Hugsar du bøkene om Pål? No har dei kome i ny utgåve.
Trude Tjensvold: Bo flyttar ut

Heime hos Bo er det berre Bo og mora, men ein dag flyttar hunden Viktor inn. Då bestemmer Bo seg for å flytte ut.
Rolf Losnegård: Det forferdeleg geniale freseskyflyet

Snutt skal finne opp ei maskin som kan halde skyene vekke, slik at ungdomane i byen Olsen kan få vere på stranda og surfe og ete is kvar dag. Men den geniale oppfinninga til Snutt gjer at det blir mykje sol både i Olsen og på Nordpolen. Og med fint vêr heile dagen, blir det varmt. Veldig varmt. Altfor varmt for isflaka i alle fall.
Solveig Blindheim Bendixen: Teo tøffar seg

Dette er fjerde boka om Teo, og i denne boka møter vi Teo som vågar å gjere noko han eigentleg ikkje torer. Lesarane kan kjenne seg igjen i karakterane og i situasjonane, og boka eignar seg spesielt godt til høgtlesing for elevar i småskulen.
Jesper Nicolaj Christiansen: Eplet

I nabolaget der Kristoffer bur, er det eit kloster med ein stor frukthage rundt: Paradiset. Det er eit gamalt nonnekloster, og mange snakkar om det skumle og mystiske som har skjedd der inne. Kristoffer kjem i trøbbel med nokre eldre gutar i gata og blir pressa inn i klosterhagen for å stele eple.
Jens Haugan: No kan du sove, vesle gut

Etter ein lang dag kan det vere koseleg å slappe av med ei lita lesestund eller kanskje ei songstund.
Barnas store eventyrbok

Maria Parr har omsett Barnas store eventyrbok til nynorsk. I denne boka finn du dei kjende eventyra: Bukkane Bruse, Raudhette, Fyrtøyet, Pannekaka, Bymusikantane frå Bremen, Mannen som skulle stelle heime, Den stygge andungen og Tornerose.
Bente Bratlund: Hanna & Emma (bok 4 og 5)

Bente Bratlund har no gjeve ut fem bøker i lettles-serien om veninnene Hanna og Emma. Alle bøkene har to korte forteljingar i kvar bok.
Lisbeth Dreyer og Per Ragnar Møkleby: Konrad Kråkebolle og andre fjærefantar

Gjennom små, leikne dikt og teikningar tek forfattar Lisbeth Dreyer og illustratør Per Ragnar Møkleby oss med til ei verd full av dyr frå hav, fjord og strand.
Jørn Hurum og Torstein Helleve: Ida & Monsterøglene på Svalbard

Desse to fagbøkene er laga slik at ein kan bla opp i dei som oppslagsverk, lese dei som ei forteljing, sjå på bileta, lese tekstane, gå inn i bøkene der ein sjølv vil, og ut igjen.
Rotraut Susanne Berner: Året rundt i Vrimleby

I denne samleboka følgjer vi livet i Vrimleby gjennom vinter, vår, sommar og haust.
Martine Grande: Kakerlakken med den stygge frakken … og hovudet fullt av triste tankar

Kakerlakken trur at det er berre ho som har slike triste vintertankar, som dokteren kallar det. Men i historia møter Kakerlakken ein nattsvermar som også har kjent på det same. Han har funne ut at det er mykje lys og mykje fargar også om hausten og om vinteren, berre ein ser etter dei.
Ragnfrid Trohaug: Vi vil ha hund!

Mange unge lesarar ønskjer å lese om dyr. Denne boka handlar om Jenny og Ole som er tvillingar og bestevener. Dei vil så veldig gjerne ha ein hund, men mamma og pappa er vanskelege å overtale.
Christina Björk og Eva Eriksson: Prinsesser og drakar

I denne boka møter vi bestemte prinsesser i nye «prinsesseroller». Boka innheld sju eventyr, eitt til kvar dag. Illustrasjonane er i kjent eventyrstil med flotte prinsessekjolar og store drakar. I denne boka vil du kanskje verte overraska over prinsessene som opptrer i litt ukjent stil, men prinsesser med kontroll kan vi like!