Frode Grytten: Menn som ingen treng

Menn som ingen treng kan lett verte farlege både for seg sjølv og andre. Det gjer denne novellesamlinga interessant, men også urovekkande.

Kjartan Hatløy: Den kvite vegen. Stemningar frå Salbu

Hatløy skildrar ikkje berre her og no i tilveret, men set mennesket i samband med tid, gjennom å skrive om korleis mennesket lever på overflata av urgamle bergartar, og vert fascinert av stjerner og planetar. Tittelen på diktsamlinga viser også korleis det nære har samanheng med det meir fjerne på himmelen, for ein kan tolke tittelen som ein referanse til Mjølkevegen, som vert ein samanheng mellom det menneskelege og det kosmiske.

Aina Basso: Heksejakt og heksebrenning i Europa

Kva er sator-rotas-formelen? Kvifor begynte James 6. å interessere seg for hekser og heksejakt? Kva er diabolisme og signeri? Kvifor var mange redde for trollkatten? Og kven var trollungane på Vardøhus festning?

Mary Shelley: Frankenstein

I romanen Frankenstein vert vi kjende med legen og vitskapsmannen Victor Frankenstein som bestemmer seg for at han skal overliste døden og skape evig liv. Men som vi veit: det går ikkje særleg bra.

Anna Gavalda: Livet, til det betre

Denne romanen handlar om tre menneske i Paris. Dei er i tjueåra, og dei har det til felles at dei opplever hendingar som gjer at dei må tenkje på nytt om eige liv.

Marianne Clementine Håheim: Svart belte

Svart belte er ein kortprosaroman om ei jente som har anoreksi. Gjennom språket skaper ho både nærleik og distanse til seg sjølv, ho objektiviserer seg, samstundes som ho vert eit subjekt for sitt eige skriveprosjekt.

Agnes Ravatn: Folkelesnad

Kva er det med Agnes Ravatn og den salte pennen hennar? Essaysamlinga Folkelesnad kom ut i 2011, og fortener klassikarstatus i skildringa av vekepressa og lesevanane til nordmenn. Samlinga er inndelt i kapittel som tek for seg ulike typar blad: interiørblad, kvinneblad, jakt, fiske og friluftsliv, mammablad m.m. Her kan du le høgt frå første […]

Ruth Lillegraven: Sigd

Sigd er ein poetisk biografi med handlinga lagd til siste halvdelen av 1800-talet. Biografien har fire delar, og handlar i hovudsak om odelsguten Endre.

Inger Bråtveit: Siss og Unn

Siss og Unn er ein roman om to unge jenter som veks opp saman, og dei får eit tett, men også problematisk venskapsforhold fordi Unn etter kvart vert forelska i Siss. Denne ordlause beundringa fører til at Siss held avstand til Unn, ho er usikker på eigne kjensler og det vert for vanskeleg å ta tak i endringa i forholdet mellom dei. Romanen er ein moderne versjon av Is-slottet av Tarjei Vesaas.

Solveig Aareskjold: Lesebok for jenter. Frå Homer til The Hunger Games

Lesebok for jenter er ei tekstsamling som passar best i vidaregåande skule. Tekstane i utvalet er skrivne av kvinner, med to unntak, Homer og dei norrøne forteljarane. Boka er innordna i kapittel der Aareskjold skriv ein introduksjon av teksten og set teksten inn i ein samanheng.

Astrid Sverresdotter Dypvik: Det var DDR. Forteljingar om eit nedlagt land

Kva skjedde med menneska som hadde budd i DDR, etter samanslåinga med Vest-Tyskland? Og korleis hadde det prega livet til enkeltmenneske å leve under diktaturet i DDR? Dette er spørsmål Dypvik freistar å gi nokre svar på i denne boka, som inneheld møte med enkeltmenneske som har ulike syn på DDR.