Troll i ord

Troll i ord … eit ordtak som tyder at du skal vere varsam med kva du ønskjer deg, i tilfelle du får det. I denne boka får du åtte historier frå norske teikneserieskaparar som tolkar ordtaket fritt.
Kittelsens skog

I denne antologien har teikneserieskaparane late seg inspirera av Theodor Kittelsen.
Oddmund Hagen og Akin Duzakin: På garden og i skogen

Med denne nydelege biletboka frå Oddmund Hagen og Akin Düzakin kan ungar og vaksne lesa i lag, samtala og læra om dyra.
Malin Eriksson og Ingrid Flygare: Den raude hansken

Stig vil bli like flink til å ri som Ellen. Men då må han øve, og det er ikkje så lett å øve på mamma sin store hest! Aller helst skulle Stig hatt ein ponni, akkurat slik som Ellen har.
Überrevolusjon

Kvar oppstår ein revolusjon? Kva utløyser ein revolusjon? Er det undertrykking eller mangel på mat? Båe delar, eller ei anna årsak?
Kristoffer Karlsen og Ellen Bergheim: Marie i kattepine

Midt i mattetimen skjer det noko! Ein katt har klatra opp i treet og sit fast rett utanfor vindauget til Marie og klassen hennar. Korleis skal dei få han ned når stigen til vaktmeisteren er for kort og dei ikkje får lov av læraren til å klatre opp? Då legg Marie ein redningsplan!
Det kan eg også, Poppeloppane!

Kan du gjere det same som Poppeloppane? Les boka og finn det ut.
Poppeloppane: Den store raude båten

Kom om bord i den store raude båten og ha det gøy med Poppeloppane!
Bobler frå djupet

Bobler frå djupet er ein ny antologi med teikneseriar på nynorsk.
Dan Höjer og Peter Demervall: Superrask, Supersmart og Supersterk

Kor fort køyrer den raskaste berg-og-dal-banen i verda? Har storleiken på hjernen noko å seie? Kva er det meste eit menneske har løfta? Dei tre faktabøkene Superrask, Supersmart og Supersterk gjev lesarane morosame fakta om muskuløse folk, smarte dyr, raske menneske og mykje anna. Bøkene kombinerer tankevekkjande fakta med tøffe illustrasjonar.
Mette Eike Neerlin: Hest, hest, tiger, tiger

Korleis kan ei bok handle om det mest alvorlege av det alvorlege, på same tid som ho er komisk og underfundig? Hest, hest, tiger, tiger er ei slik forteljing.
Helge Hammersland: Kaninen Kamilla og Løva Leonid

Kaninen Kamilla og Løva Leonid handlar om at vennskap kan oppstå sjølv om ulikskapane er store. Og om frykt for det ukjende og redsle for å skilja seg ut. Å visa styrke handlar ikkje om å plaga andre. Dessutan er det mykje betre å leika enn å slåst. Det meiner i alle fall Kamilla.
Anna R. Folkestad: Krabbekrise

Besta og Bo vil vinne konkurransen om å fiske flest krabbar. Men krabbane bit ikkje på. Så gjer Besta noko heilt vilt. I typisk Besta-stil.
Bente Bratlund og Odd Henning Skyllingstad: Feriefiasko

Sommarferien er rett rundt hjørnet, og alle gler seg til sol og sommar og ferietur. Ida skal til Italia, Ella skal til besteforeldra, og Bea seier ho skal noko hemmeleg. Noko veldig hemmeleg og veldig spennande. Ho må berre finne ut kva det hemmelege spennande kan vere. Og det er ikkje så lett når ferien berre er heime.
Vegard Markhus: Full fart!

Rine og Ravi gler seg til skitur med klassen. Men Lærar-Knut går altfor fort! Og pausar er for pyser, seier han.