Robert Muchamore: Rekrutten & Kokainkongen

Å setje born i 12-årsalderen til å vere spesialagentar for den britiske etterretningstenesta er eit flott utgangspunkt for å skrive spanande historier. Her er det verkeleg tale om typiske «pageturnerar» tilpassa eit adrenalinhungrig publikum.

Verdt å vite om dyras liv

Visste du at det er fleire kyllingar enn menneske i verda, eller at ei ku drikk 150 liter vatn om dagen? Verdt å vite om dyras liv er ei fargerik og spørjande faktabok om dyr. I tillegg til å presentere morosam informasjon og fakta, stimulerer ho til sjølvstendig tenking om viktige samanhengar.

Jan Roar Leikvoll: Fiolinane

Leikvoll har skrive ein dvelande, eksistensiell roman som fortel historia til ein gut som er i ferd med å bli mann. Men dette er ingen vanleg oppvekstsroman. Menneska som me møter, er i praksis innestengde på ei gigantisk søppelfylling dei ikkje ser enden av.

Terje Torkildsen: Dystopia 1+2

Første halvdelen av ei spaningshistorie som er lagd til året 2014. Ein gjeng 17-åringar er på klassetur i England då det utenkjelege skjer: Med ei enorm flodbølgje i Nordsjøen byrjar eit ragnarok ingen har sett sidestykke til.

Elskar, elskar ikkje

Ein av nykomarane frå Samlaget i år som er verdt å ta med seg inn i klasserommet, er novellesamlinga Elskar, elskar ikkje. Samlinga inneheld nye, nordiske kjærleiksnoveller for både han og ho – alle omsette til nynorsk.