Atle Berge og Henning Lystad: Keeperkongen

Lettlesboka om «Keeperkongen» er Atle Berge si bok nummer tre om Barcelona-gjengen. I kvar bok blir vi betre kjende med ein av spelarane på laget, og denne gongen er turen komen til superspissen Aleksander.

Lena og Olof Landström: Pom og Pim

Pom og Pim er ei lita kvardagsforteljing om Pom og kosedyret Pim som tar seg ein tur ut og blir utsette for ei rekke små uhell. Dei snublar i ein stein, dei får vondt i magen av ein is, dei sprekker ein ballong. Alle uhella snur seg til hell, og vêret rammar inn handlinga.

Tor Arve Røssland: Svarte-Mathilda II

Dei som likte den første boka om «Svarte-Mathilda», må få med seg denne oppfølgjaren. Her er blod, drap og redslar så det held – alt i eit lettfatteleg og drivande språk.

Asbjørn Rydland: Mørkemanaren

«Mørkemanaren» overtyder på alle nivå, på same vis som dei to førre bøkene til Rydland. Universet er gjennomarbeidd og følgjer sin indre logikk. Språket er lettlese og litterært interessant på same tid. Handlinga er spennande og stramt bygd opp. Personane er samansette og i utvikling. Eg er ikkje i tvil om at dette, for tida, er den beste fantasy-serien blant norske barne- og ungdomsbøker.

Erna Osland: Når du går på ei bru

Når Erna Osland skriv fagbøker for barn, er ho uslåeleg. Ho er pedagogisk, systematisk og påliteleg, slik ein fagbokforfattar skal vere. Samstundes er ho morosam, assosiativ og skjønnlitterær i tilnærminga si.

Sigri Sandberg Meløy: Klimaboka

Klimasaka er noko norske ungdommar veit og høyrer mykje om. Likevel er det viktig med ei bok som gjer dette stoffet levande og nært, og som angrip det frå mange vinklar, og som oppmodar til å tenkje sjølv. Det er nett dette Sandberg Meløy gir oss.

Anna R. Folkestad: Henrik And

«Dette er Henrik And. Ei heilt vanleg and med ein heilt vanleg draum. Han vil vera noko anna.» Slik opnar debutant Anna R. Folkestad biletboka om Henrik And.

Sunniva Relling Berg: Utfor

Utfor er den første boka til Sunniva Relling Berg. Ho har skrive ein drivande god ungdomsroman om vennskap, fiendskap og løyndommar.

Teresa Grøtan: Klara kan – mykje rart om klede

Klara finn ut at klede er laga av dei merkelegaste ting: plastflasker, ormespytt, bambus, brennesle, bananar, kaffi, korn og mjølk. Det dumme er at røynda av og til kan vere så merkeleg, at vennene hennar ikkje trur på alt ho seier.

Solveig Blindheim Bendixen: Teo i trøbbel

Teo i trøbbel er ei kort og lettlesen forteljing for småtrinnet, skriven av debutant Solveig Blindheim Bendixen. Ho er sjølv lærar og har sikkert observert mange situasjonar som liknar på trøbbelet til Teo.

Robert Muchamore: Flukta. Cherub 3

Då Robert Muchamore byrja skrive Cherub-serien, ønskte han å skrive nett ei slik bok han sjølv leita etter då han var tretten: Store dosar spenning, personar å identifisere seg med og ein dæsj romantikk på toppen.

Linn T. Sunne: Saiko

Vi treng fleire gode lettlesne bøker for ungdom, og med «Saiko» leverer Samlaget og Sunne nok ein gong. Førre boka vi fekk var «Blå blondie», og da som no handlar det om ei ung jente i krise, om forelsking og om å få kontroll over eige liv.