Magnhild Bruheim: Stjernefallet

«Eg har funne ut så mykje som bør koma for ein dag. Om sorg og overgrep. Om tragiske menneskelagnader. Dramatisk som ein roman. Akkurat nå er eg på sporet av ein kjerne i det heile. Dei nærmaste dagane blir avgjerande». Slik stod det i ei av dei siste meldingane Tuva Veldig har fått frå Eva Lindbo. Tuva er lokalavisjournalist og har overraskande nok fått ein intervjuavtale med Eva. Eva var ein gong ei kjent skodespelarinne, men har trekt seg tilbake frå rampelyset og slått seg ned på Finnskogen.
Marit Eikemo: Vi er brødrene Eikemo

Det store huset i Berjaflotvegen 9 i Odda er omdreiingspunktet i historia om faren til Marit, Per Eikemo, og dei fire brørne hans. Det var bestefar til Marit, Lars, og kona hans, Ragnhild, som bygde huset. Det stod ferdig i 1947, og sidan har det budd mange Eikemoar der. Per er eldst i søskenflokken og tok tidleg på seg eit ansvar for dei andre då faren hans datt ned frå eit tak på smelteverket og døydde 42 år gammal. Då var Per fjorten år, og den yngste, Einar, var fire. Korleis skulle dei klare seg utan inntekt, mora Ragnhild og dei fem gutane?
Martin Baldysz: Fallgard

Ingeborg bur saman med foreldra og småsøskena, Niels og Jenny, på øya Mulen. Ho blei konfirmert i fjor. Besteveninna hennar, Astrid, bur inne på fastlandet. Ingeborg kjenner seg fanga i situasjonen, ser på havet og drøymer seg bort. Ho ventar og lengtar medan ho har mykje ansvar og mange plikter både i huset og i drifta av den vesle garden.
Eirin Holberg og Åshild Irgens: Steinalderen

Som tittelen seier, er dette ei faktabok om steinalderen for barn. Boka vil få fram korleis folk levde den gongen for ti tusen år sidan, kvar dei budde og kva dei åt, og kva dei gjenstandane vi har funne frå steinalderen, kan fortelje oss om dette.
Jon Fosse: Einkvan

Einkvan tar opp mange av dei same tematikkane Jon Fosse har skrive om tidlegare; einsemd, vanskeleg kommunikasjon, sakn, utanforskap og forholdet til kunsten. Heller ikkje nå plasserer han dramaet i tid eller stad, men viser fram ein tilstand med mykje indre uro. Denne uroa blir meir spent og intens utover i dramaet.
Sunniva Relling Berg: Soldagen

Maja går av bussen ein tidleg morgon ein stad i Nord-Noreg. Det er høge brøytekantar og kaldt. Ho har ringt til tante Bodil, men ho har ikkje svart. Så ho veit ikkje at Maja kjem. Maja har heller ikkje sagt noko til mamma, ho har berre reist. Ho var saman med Olav og Knut kvelden før, men sette seg på bussen i staden. Etter kvart forstår vi at dei to gutane ikkje er det beste selskapet, og at mamma ikkje har det bra. Det har ikkje Maja heller.
Per Jan Ingebrigtsen: Rafarta

Rafarta er 14 år og kjem frå Irland, og vi er i tida rundt 870. Vi møter ho først under eit forferdeleg torevêr, der Rafarta søkjer ly i eit naust og bed ei bøn til jomfru Maria. Ho har nettopp rømt frå skipet til Bjørn Raudskjegg, ein brutal hovding. Mennene hans tok ho til fange ein gong ho var ute aleine.
Erling A. Westgaard Flote: Utveg

Flote tar opp mange av problemstillingane og utfordringane vi gjerne knyter til ungdomstida, og som mange ungdomsromanar tar opp: drikkepress, røyking, sexpress, utfordringar med vennar, skolegang, sorga og spørsmåla som kjem når nokon døyr m.m. Ein annan tematikk som kjem fram i denne romanen, er spørsmålet om det å overta eit gardsbruk. Det gjeld både den plikta ei ung jente kan kjenne på overfor det tidlegare generasjonar har bygd opp, men også den forventninga ho har om å kunne velje framtida si sjølv.
Randi Fuglehaug: Skallebank

Skallebank er den tredje kriminalromanen om journalist Agnes Tveit på Voss. Agnes er nå tilbake i lokalavisa Hordaland som politisk journalist. I dette høvet har ho laga eit portrettintervju med påtroppande ordførar Sjur Dagestad frå SV. Han har kome tilbake til heimbygda etter 30 år, og han har forlate ein jobb i TVNorge. Underleg nok fekk han førsteplassen på SV-lista til valet.
Frode Grytten: Den dagen Nils Vik døde

Nils Vik står opp tidleg den siste dagen i livet sitt. Han gjer slik han bruker å gjere, lagar kaffi, et frukost og barberer seg. Så høyrer han nyheitene og går ned og ser til båten. Han synest han høyrer ei stemme som seier «Eg ventar på deg nede, kjære». Det er ein regnvêrsdag i november, og han vaknar i det huset han budd som barn og sidan med eigen familie. Han skriv eit kort til døtrene, legg den siste avisa ned i kjellaren, brenner madrassen og gjer seg klar.
Tone E. Solheim: Eg er V-vida

Vida går i niande klasse og har det ikkje så bra. Besteveninna Siri har flytta til Bergen, og Vida kjenner seg aleine i verda. Mamma jobbar, og Vida har vore aleine heime heile sommaren. På skolen kjenner ho seg utanfor og prøver å gjere seg så usynleg som mogleg.
Bjørn Sortland: Nidhoggr

Rasmus har sete i fengsel, og Marie har besøkt han. Ho har ikkje snakka under rettssaka og ikkje så mykje etterpå heller. Marie kjenner ei sterk uro og er alltid på vakt.
Svein Jarle Åbrekk: Granittgutta 2, TikTok-banden

Dei gode kameratane Frank og Kristoffer har nettopp fått sommarferie. Dei skal vere med faren til Frank på ein konferanse for geologar. På veg dit fortel Frank at han har inngått eit veddemål med foreldra. Han skal poste ein film på TikTok, og dersom han får 1000 framvisingar, skal gutane få 500 kroner kvar i feriepengar. Om dei taper, må dei gå på geologiføredrag. Gutane har ikkje tenkt å tape!
Guri Sørumgård Botheim: Høgfjellsmeldinga

Ragna Svae er utdanna litteraturvitar og arbeider i eit lite forlag då ho får auge på utlysinga frå Norsk villreinsenter på Hjerkinn. Der har dei har ei ledig stilling som kommunikasjonsansvarleg. Ho synest utlysinga talar direkte til ho, og bestemmer seg for å søkje. Kjærasten Lars synest ikkje ideen er like god, han vil ikkje bu på Hjerkinn. Men det er noko som dreg Ragna dit. Etter kvart skjønar vi at det er minna om ein tidlegare kjærast, Gaute.
Gaute M. Sortland: Sanne historier

Sanne historier som tittel på ei novellesamling høyrest motstridande ut. Dei ni novellene kunne i og for seg vore sanne i tydinga realistiske, men nokre av forteljingane er rett og slett for gode til å vere sanne. Så er dei på ein måte sanne likevel, fordi dei tar opp noko allmennmenneskeleg.