Inger Johanne Sæterbakk: Hjartespreng

Inga liker Nils. Men det er det fleire jenter som gjer. Inga og Nils har alltid kjent kvarandre, dei er naboar og tar den same bussen til skolen. Det er måndag morgon i det forteljinga startar, men Nils dukkar ikkje opp. For Inga er midttimen måndag den verste timen i heile veka. Då blir dei spennande opplevingane i helga delte, men Inga har ingenting å fortelje. Ho har ikkje opplevd noko særskilt, og synest ikkje at ho får skikkeleg dreis på det å vere 16 år. Ho samanliknar seg med dei kule jentene i klassen, og Eva er den kulaste av alle.
Aina Basso: Eg rissa desse runene

Runeinnskrifter som blei funne ved utgravingane på Bryggen i Bergen, dannar utgangspunkt for dei tretten novellene i Eg rissa desse runene. Basso lagar ei historie til kvar av innskriftene ho har valt ut. Til sist i novellesamlinga er det meir informasjon om runeinnskriftene. Dateringa av innskriftene er bestemt til 1100–1200-talet, og kjensla av at hendingane går føre seg i denne tida, får vi først og fremst gjennom ordvalet og skildringar av kvardagslivet.
Jenny Lund Madsen: Tretti dagars mørke

Hovudpersonen er den eksentriske forfattaren Hanna Krause-Bendix, 45 år. Ho har gjeve ut fire romanar som ho har fått gode kritikkar for. Ho har også blitt nominert til gjæve litterære prisar, som ho ikkje har tatt imot. Lesarskaren hennar er derimot ikkje stor, og ho blir rekna for å vere ein elitistisk forfattar. Nå har ho fått skrivesperre.
Marta Söderberg: Det verste har allereie skjedd

Eg-forteljaren heiter Bianca og bur i Göteborg saman med adoptivforeldra sine. Vi møter familien ved to måltid der dei sit tause saman og ikkje lenger har noko felles. Bianca oppfattar det som om dei klamrar seg til bestikket og prøver å late som om det verste ikkje har hendt. Slik har det vore dei to siste åra: «Ingenting kjem nokon gong til å bli normalt igjen». Ei soveromsdør har vore stengd desse to åra sidan Jimmy, som då var 15 år, døydde. Jimmy var annleis enn andre ungdommar, og Bianca har slutta å le.
Sigrid Agnethe Hansen: Du veit ingenting

Historia startar med at røykvarslaren begynner å pipe. Tina må få slått han av så fort som råd av omsyn til søstera Erika som blir redd og begynner å skrike. Tina får ikkje alltid kontakt med Erika, det er som ho ser ein heilt annan stad. Ho vil ikkje kome ut av rommet sitt for å ete middag, men Tina klarer å lokke ho med ein iPad. Erika er 10 år og har ein diagnose. Tina konkluderer med at alt er annleis heime hos dei.
Bjørn Hatterud: Blokka på Bjerke. Tretten år i tredje etasje.

Bjørn Hatterud fortel si personlege historie om korleis han hamna i høgblokka på Bjerke, korleis det var å bu der og om prosessen med å flytte derifrå. Hatterud er ein glimrande forteljar, og det er lett å bli engasjert av det han skriv. Han fortel om funksjonshindringane sine, om kor mykje smerter og mange sjukehusinnleggingar han har hatt å stri med. Men han fortel ikkje for at folk skal synast synd på han, men heller forstå korleis det er å leve med det han sjølv omtaler som «ein kreativt samansett kropp».
Kristin Auestad Danielsen: Soga om oss og andre skodespel

Boka inneheld ei samling av fire ulike skodespel, nynorsk samtidsdramatikk. Danish Crown (2008), Årets fotballspelar 1997 (2009), Vår vesle (2017) og Soga om oss (2020). Vår vesle og Soga om oss synest eg er dei mest aktuelle å kunne bruke i vidaregåande skule.
Kari Mathilde Hestad: Sceneskifte

Alex syklar aleine til speletimen og bandøvinga: «Denne hausten er det ingen som ventar på meg nokon stad. Eg gjer alt aleine». Eg-forteljaren Alex går i tiande klasse. Ho har vore kjærast med Ronja, men Ronja har slått opp med ho utan forklaring. Ronja var redd for at klassekompisane skulle finne ut at dei var kjærastar, og Alex har kjærleikssorg. Etter kvart går det opp for Alex at Ronja har fortalt til dei andre jentene at Alex heng etter ho og ikkje vil gje seg. Det resulterer i sårande kommentarar, blikk og ufine snapar frå jentene i klassen.
Sigmund Løvåsen: Tusen elgar i garasjen

Tusen elgar i garasjen er ei diktsamling for barn. Dikta handlar om mange ulike dyr og fuglar og den plassen dei har i naturen. Dei handlar også om menneska. Dikta vender seg til eit du, som tydeleg er eit barn. Diktaren er i allianse med barnet, gjerne mot foreldra.
Tor Arve Røssland: Den siste krigen. Overleve 3.

Den spennande historia om Jamal og Eira held fram der bok 2 i serien slutta, på dag 26. Dei er om bord på forskingsskipet Bluenose igjen, og på flukt frå nedising og ekstrem kulde. Heile den nordlege halvkula er snart dekt av is. Vulkanutbrot, havstiging og eit uventa ekstremvêr gjer at mange er på flukt.
Åshild Moldskred: Trollmoll

Trollmoll er ein spennande roman, og litt skummel. Forteljinga har eit eventyrpreg, der den unge guten blir sett på prøve overfor skumle og farlege krefter, og der det til slutt ikkje er anna løysing enn å gå trollskapen i møte og kjempe.
Ragnhild Kolden: Krig

Krigen har vart i to veker då bombefly kjem over Innerdalen og Vollen, og vi får lese om det kaoset som oppstår der på svært kort tid. Romanen startar med ei god skildring av den redsla, uhygga og usikkerheita ungdommane i bygda kjenner på.
Peter F. Strassegger: Kvil i fred

Per og Oskar er kompisar og har nokre veker igjen av 10. klasse. Det er endeleg fredag, og dei har tenkt seg på butikken for å stele øl slik dei har gjort i det siste. Dei har stadig blitt meir vågale når det gjeld å stele ting på den lokale Spar-butikken. Per og Oskar har lite å drive med. Stelinga har også blitt ein slags rutine, dei blir jo aldri oppdaga: «Men i dag er det noko som kjennest rart». Både læraren og Ronny, som tidlegare har vore kamerat med Oskar, har bede Per om å ta det med ro.
Jon Fosse: Kvitleik

Forteljinga startar med «Eg køyrde av garde», og vi møter eit eg som ikkje veit kvar han skal, men som køyrer på måfå og tar annankvar gong til høgre og venstre, heilt til han køyrer seg fast på ein skogsveg. Han veit ikkje heilt kvar han er, men kjenner på redsle, tomheit og keisemd.
Terje Tørrisplass: Vegemot

Det lyriske eg-et kjenner seg i slekt med naturen, og særleg med heiloa. Heiloa prydar framsida av diktsamlinga, og i det første diktet er heiloa omtalt som tvillingsjela til eg-et.