Slutten på historia: nye nynorske noveller

Fleire av novellene i Slutten på historia er prega av at hovudpersonane kjenner på ei indre uro, at dei ikkje veit kvar dei er eller høyrer til, eller kva dei skal gjere i situasjonen dei er i. Vi møter også kjenslene av å vere forvirra og ha uklare minne, å vere einsam og kontaktsøkande. Elles er novellene ganske ulike, både i tematikk og i lengde.

Maren Uthaug: Og sånn blei det

Sitatet «Det er vanskeleg å komme heim når ein ikkje høyrer til» seier mykje om tematikken i denne romanen. Risten blir fødd i 1975 i Sápmi av ei samisk mor, Rhitta, og ein norsk far, Knut. Dei bur saman med Áhkku som ikkje liker at Rhitta har gifta seg med ein nordmann, og ho snakkar ikkje til han.

Randi Fuglehaug: Tonedød

Marta Tverberg er ein verdskjent musikar, og nå har ho komponert eit tingingsverk for Vossa Jazz der ho sjølv speler tenorsaksofon. Den aldrande jazzdivaa er ei omdiskutert dame, og det har tatt lang tid før ho blei spurt om å spele i heimbygda. Då applausen kjem, reiser ho seg, grip mikrofonen og seier: «For ein gjeng med forbanna idiotar de er». Etter eit oppgjer med folk i bygda, fell ho om på scenen.

Tor Arve Røssland: Vulkanen vaknar. Første bok i serien Overleve.

Jamal og Eira er begge 13 år. Dei har blitt med kvar sin far om bord på forskingsskipet Bluenose. Oppdraget er å finne ut kvar all fisken i nordatlantiske farvatn har tatt vegen. Det kan bli matkrise om dei ikkje finn fisken. Jamal er svært interessert i alt som går føre seg om bord, men det er ikkje Eira. Ho har ikkje lyst til å vere der i det heile, men faren har bestemt.

Sivert N. Nesbø: Varme og vatn

Handlinga i nåtid varer nokre sommarveker, og hovudpersonen i romanen heiter Lars. Han er fjorten år gammal. Han bur saman med foreldra og veslesøstera Thea. Dei bur i eit bustadområde i ei bygd, men noko meir om tid og stad får vi ikkje vite. Dette understrekar noko av det allmenne ved romanen.

Atle Hansen: Alexander er forelska i Live

Jonas, Live, Alexander og Kevin er alle elevar på vidaregåande skole. Jonas og Live har vore veldig gode vener sidan dei var små. Alexander er ny på skolen, og er forelska i Live. Live liker merksemda ho får frå han, men ho er forelska i Kevin. Jonas, som er eg-forteljaren, forstår slett  ikkje kva Live ser i Kevin.

Harald Nortun: Skallen. Grøss og gru-serien

Erik er forteljaren, han pakkar klede, sovepose og fiskestong og er klar for tur. Ben og han har begge sagt heime at dei skal til fjorden og fiske, men dei har tenkt seg til Reinsvatnet der dei tidlegare ikkje har fått lov til å dra. Ein grunn til det er at der er svært rasfarleg. Det finst ei gammal segn om at ein røvar har gøymt seg der og går igjen. Det er bratt og langt å gå dit, men dei finn ein utydeleg sti der det er lenge sidan nokon har gått.  Det er heller ikkje mobildekning ved Reinsvatnet.  

Irene Larsen: Der det gror skierri

Yrja er hovudpersonen i romanen, og det er hennar tankar og synspunkt vi opplever kvardagen gjennom. Yrja er festivalleiar for ein sjøsamisk festival, og ho har flytta heim etter tjue år borte, og bur nå på øya i Finnmark der ho vaks opp. Ho har overtatt gjenreisingshuset etter foreldra, og kjenner at ho må bli kjend med bygda på nytt. Dei fleste ho kjende, er borte, foreldregenerasjonen er døde, og jamaldringane hennar har flytta.

Mona Høvring: Soga om Fråid

Vi blir kjente med dei tre søskena Terje Eddipus, Fråid og den gullfine jenteflisa Eva. Dei bur i Urskogen 13, og klarar seg sjølv. Mora deira har reist frå dei, men ho sender eit årleg, uforståeleg julekort til dei frå Italia, der ho er nonne i eit kloster. Faren, August Augustus Vulgaris er sjømann på langfart. Derfor må ungane klare seg sjølve. Dei lærer seg at dei ikkje skal spørje, ikkje gråte, ikkje sakne.

Erlend Skjetne: Eit anna blikk

Forteljinga startar på mørkaste vinteren, og vi følgjer eg-personen Anwar frå Afghanistan, som er nykomen til eit mottak i ei lita bygd i Nord-Noreg. Han er i dårleg fysisk form på grunn av sjukdom. Ein dag kjem Walid. Dei to gutane deler rom, og på mottaket bur mange unge menn frå Afghanistan.

Marit O. Kaldhol: Enno var dei kroppar

Dette er sterke noveller som rører ved oss, dei kan kjennast ubehagelege å lese fordi dei kjem nært på og handlar om slikt som vi kanskje prøver å verne oss mot å tenke for mykje over. 

Frode Grytten: Gut, jente, juni, juli

Den nyaste novellesamlinga til Frode Grytten startar med novella «Evig sommar», og ho skildrar det som på Sørlandet vil heite ein «smeigedag», ein solrik, varm sommardag med gode kjensler og der livet er herleg spennande. Gutar kjem med båten, treffer jenter og flørtar, et is og tar eit bad før båten går igjen. Dagen er ein slik dag mange drøymer om og mange har opplevd ein gong, der ein kjenner at livet er på toppen og tida står stille.

Marianne Clementine Håheim: Plikt

Romanen Plikt viser fram den pliktkjensla eg-personen har overfor ein gard og for slekta bakover i tid: «Eg har ingen foreldre, ingen partnar, ingen born, men denne eigedomen finst».

Ingrid Senje: Stupeteknikk

Stupeteknikk er ei samling med ni relativt korte noveller. Fire av novellene har vore på trykk andre stader, elles er dette den første samlinga til Ingrid Senje.

Christine Kjellstrøm Melby: Ho

Debutsamlinga Ho av Christine Kjellstrøm Melby er ei samling av sterke dikt som skildrar eit samlivsbrot og ei intens kjærleikssorg. Vi møter eit lyrisk du/ho som er blitt vraka til fordel for ei anna kvinne. Melby har skrive korte og bilderike dikt som rører ved lesaren.