Nynorskbok.no / Bakom boka / A. Audhild Solberg

A. Audhild Solberg intervjua av Ragnhild Tonning.

A. Audhild Solberg

Audhild Solberg er mest kjent for drama-serien Superbitchene. I intervjuet fortel ho korleis ho brukte dagboka si frå ungdomstida då ho skreiv bøkene, men at ho ikkje blei mobba sjølv. Dei siste bøkene hennar er grøssarar, som ho sjølv likar godt å lese. Det finst eitt ord ho hatar og to ting ho verken vil lese om eller skrive om, høyr meir om dette i intervjuet.

Det er Ragnhild Tonning, 11 år frå Jølster, som intervjuar forfattaren. – Det er mange som skriv om mobbing, men ingen skriv så godt om temaet som Audhild, seier Ragnhild. «Eg blir rørt av responsen frå lesarane mine», svarar Audhild.