Kvifor er forfattar Bjørn Sortland så fascinert av jenter? Det snakkar han om i denne samtalen med Janne Karin Støylen frå Nynorsksenteret.
Bjørn Sortland frå Bømlo har gjeve ut meir enn 40 bøker sidan debuten i 1992. Fleire av dei er omsette til ei rekkje språk. Han har skrive bøker både på nynorsk og bokmål, han vekslar mellom ulike sjangrar, og han vekslar mellom å skrive for born, ungdom og vaksne.
I podkasten fortel han kvifor han er så oppteken av kunst, kvifor tru er eit tema som stadig dukkar opp, og han fortel kva det er som fascinerer han slik med jenter.
Denne nettsida nyttar informasjonskapslar for å sikre at du får den beste opplevinga. Dersom du held fram med å nytte sida, går vi ut frå at du er nøgd med det.Den er grei!Personvern og informasjonskapslar