Hilde K. Kvalvaag elskar å skrive. – Det er som å gå på kino i sitt eige hovud, seier ho. Likevel trudde ho aldri at ho kunne klare å bli forfattar, då ho var yngre. Korleis ho faktisk klarte det, får du høyre meir om i intervjuet.
Hilde vert intervjua av Nora Norum Hellebust, 14 år frå Jølster. Nora tykkjer bøkene til Hilde har svært god skildringar, og likar spesielt godt dei som oppmodar ungdom om å engasjere seg i klimasaka: «Søsteranarkistane er noko av det beste eg har lese», seier Nora.
Denne nettsida nyttar informasjonskapslar for å sikre at du får den beste opplevinga. Dersom du held fram med å nytte sida, går vi ut frå at du er nøgd med det.Den er grei!Personvern og informasjonskapslar