Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Eirin Holberg og Åshild Irgens: Steinalderen

Eirin Holberg og Åshild Irgens: SteinalderenSom tittelen seier, er dette ei faktabok om steinalderen for barn. Boka vil få fram korleis folk levde den gongen for ti tusen år sidan, kvar dei budde og kva dei åt, og kva dei gjenstandane vi har funne frå steinalderen, kan fortelje oss om dette. Innleiingsvis blir dei ulike tidsaldrane samanlikna med laga i ei kake, der steinalderen er i botnen på kaka.

Deretter får vi sjå korleis det var i Noreg før det vi i dag kallar steinalderen tok til. Då var det istid, og berre nokre få dyreslag kunne leve her. Då isen tok til å smelte og det kom fram meir land, kunne mange fleire dyr og sidan menneske leve her. Dei kunne fange rein og sel, lage seg båtar og fiske i havet.

Vi får også vite kvifor steinalderen heiter nettopp det, og vi møter fleire folk som arkeologane har funne skjeletta til og ettertida har gitt namn. Her får vi lese om Lola, Lotta, Ludvig og Visteguten, og vi får vite noko om korleis dei truleg kan ha sett ut. Folka i steinalderen flytta mykje, og det var vanleg å bu i telt laga av greiner og skinn. Steinalderfolka måtte lage alt dei trong sjølve, både klede og reiskapar, og dei måtte kunne lage bål. Bålet var viktig som samlingsplass, her fekk ein høyre historier, og her blei maten laga.

Det kan vere vanskeleg for barn å oppfatte eit tidsperspektiv på mange tusen år, derfor blir illustrasjonane svært viktige. Og her er det verkeleg mange og gode illustrasjonar som ofte viser fram situasjonar på ein betre måte enn teksten. Åshild Irgens er ein prisvinnande illustratør, og gjennom bilda i denne boka ser vi klart for oss korleis det kan ha vore i steinalderen.

Dette er ei bok for nysgjerrige og vitebegjærlege barn, som aleine eller saman med ein vaksen kan få vite mykje om den tidlegaste historia vår. Her er mykje å utforske og undre seg over.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

Thoralf Fagertun: Kobbs hus
9–12
Harald Nortun: Kode 6 –Ingen må vite kven du er
9–12
Silja Aldudóttir: Udyret i tunnelen
9–12
Hilde Myklebust og Bård Sletvold Torkildsen: Grisungen med den rette halen
3–6