Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Bokomtale

Kari Stai: Jakob og Neikob og tidsmaskinen

I den sjuande og siste boka om Jakob og Neikob er temaet tid. Etter å ha vakna ein morgon der dei plutseleg har fått skjegg og bart, innser dei to venene at dei må ha sove veldig lenge. 10 år! Dei som skulle sova slik at tida gjekk fortare. Men kvar er tida blitt av … Er det Tjuven som har vore på ferde?  Neikob vert stressa. Kanskje dei kan kjøpe tid? 

– Hei, Somblekob, har du tid?
– Eg har all verdas tid, svarer Somblekob.
– JA, da vil vi kjøpe ho. 

Venene oppdagar fort at dette ikkje er så enkelt. Dei prøver å reise med ei tidsmaskin, men det viser seg å vera ganske så utfordrande. Korleis skal dette ende? 

Med Jakob og Neikob og tidsmaskinen vert soga om desse to karakterane avslutta. Kari Stai leikar seg hemningslaust med ulike omgrep knytte til tid, omgrep som vaksne stadig nyttar, og barn ikkje naudsynt forstår. Resultatet vert tidvis ganske absurd og underhaldande. Stai sine illustrasjonar er som alltid underfundige og rike på detaljar, og lesaren kan finne mykje å snakke om i illustrasjonane. Tidvis bidreg illustrasjonane til at handlinga vert meir forståeleg for barn enn sjølve den verbale forteljinga. Tida er eit abstrakt omgrep det tek år å lære seg å forstå, og dette er ei bok som inviterer til mange lesingar og spanande samtaler. For å få mest mogleg ut av boka vil det vera ein stor fordel for lesaren å ha lese andre bøker om Jakob og Neikob frå før. 

– Der flyg ho, tida, tøyser Jakob.
 La ho fly, seier Neikob. 

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

9–12
Thoralf Fagertun: Familien Gnork
9–12
Markus Lantto og Camilla Kuhn: Kåre og Marimba hjelper til
3–6
Ida Neverdahl: Floke 3
6–9