Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Kari Stai: Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake

Opplegg til boka:
Bok i bruk: Jakob og Neikob – med opplegg, fargeleggingsark og animasjonsfilm.

Jakob og Neikob er tilbake! Det er tjuven også, vi hugsar han frå slutten av den første boka om dei to venene som er så ulike: Jakob seier ja til alt, Neikob seier alltid nei. Tjuven har no rømt frå fengselet. Jakob og Neikob bestemmer seg for å ta opp jakta på han. Men tjuven lurer dei begge to, snart er det Jakob som sit i fengsel! Slik som Neikob til slutt kunne svare ja mot slutten av førre forteljinga, er det Jakob som denne gongen må lære seg å seie nei.

Kompisane Jakob og Neikob gjorde stor lukke då dei dukka opp mellom to permar første gongen i 2009. Ikkje berre i vanleg bildebokform, men også tilpassa lesebrettet som app og som animasjonsfilm på tv og internett kunne lesarane etter kvart gjere seg kjende med dei to venene. Forteljinga inviterer små og store lesarar til å reflektere kring våre kanskje mest sentrale omgrep, ja og nei. At begge er like viktige og at vi treng begge like mykje.

Kari Stai har svært stram struktur både i språket og illustrasjonane sine, humor er likevel eit viktig og gjennomgåande verkemiddel i begge historiene. Boka eignar seg både til sjølvlesing og høgtlesing, ho vil fungere fint som ein tekst barnet kan ha fylgje med frå barnehagen til skulen og gradvis kunne lese sjølv.

Kritikarane har vore svært positive til begge bøkene, av fleire grunnar. Mange legg vekt på estetiske kriterium, andre på dei kognitive aspekta ved forteljinga, atter andre ved såkalla moralske kriterium. Forteljinga om Jakob og Neikob og tjuven er nominert til Brageprisen for 2012 med fylgjande grunngjeving:

«Med Jakob og Neikob har Kari Stai skapt to særegne bildebokfigurer som er bærere av både tradisjon og nyskapning. Boka er helhetlig og gjennomført ned til minste detalj, og den spennende historien om hvordan Jakob og Neikob fanger tyven formidles med suveren stilsikkerhet. Et forbilledlig eksempel på hvor mye småbarnslitteraturen kan romme, og en estetisk nytelse i all sin enkelhet.»

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

3–6
6–9
Frost
3–6
3–6