Kari Stai er forfattar, illustratør og biletkunstnar og har eit særmerkt og stilisert formspråk. Ho er godt kjend for blant anna dei fire bøkene om Jakob og Neikob, som med sine sterke kontrastar og tematikk fengjer både unge og eldre lesarar.
I boka Tankespinn har Stai skrive og illustrert ei vakker og innsiktsfull forteljing om vanskelege tankar i eit lite hovud. Boka passar for litt større barn.
Ada har ein livlig fantasi. Ho tek ofte med seg bestevennen Rolf opp i verdsrommet og på andre eventyr. Rolf er alltid med ho på det flygande teppet hennar og i kastanjeraketten. Men ein dag kjem det ei ny jente i gata, og ho har trampoline. No vil Rolf heller oppleve fart og spenning på ekte. Ada kjenner seg utanfor, og triste og vanskelege tankar tek til å vekse i det vesle hovudet hennar. Ho veit ikkje korleis ho skal dele desse tankane, og frustrasjonen byggjer seg opp.
Tankespinn har ein viktig bodskap, og boka opnar for samtalar mellom barn og vaksne om redslar og angst. Dei fleste vil kunne kjenne seg att i tematikken, og Stai formidlar dramaet i forteljinga gjennom ekspressive illustrasjonar og innhaldsrik tekst.
Utdrag frå boka: