Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Laura Djupvik og Øyvind Torseter: Bror min

Ei jente og far hennar sørgjer. Ein morgon dei dreg ut for å fiske, skjer det noko heilt spesielt.

Eg har drøymt alt dette.
At vi er her.
Men far, han veit ikkje.
Han veit ikkje kor djupt det er.
Han veit ikkje om alt som finst i sjøen.
Eg veit.
For bror min har fortalt det.

Denne boka kan vere ein fin inngangsport til å snakke med barn om sorg. Dersom barnet nyleg har mista nokon i nær familie, bør boka lesast saman med ein vaksen som barnet kjenner seg trygg på. Det finst fleire måtar å opne samtalen på. De kan til dømes ta utgangspunkt i illustrasjonane og snakke om korleis faren ser ut i byrjinga av boka? Dersom barnet synest han ser trist ut, så kan du følgje opp med eit spørsmål om kvifor barnet trur faren i boka er trist?

Barn og vaksne kan oppleve sorg på ulike måtar. Gjennom tankane til jenta får vi sjå korleis ho opplever faren når han er i sorg. Ein annan viktig bodskap er at dei som har mista nokon, kan hjelpe kvarandre gjennom sorga.

Men du, då, kan du vere her? spør eg.
(…)
Eg og du skal vere her, seier far.

Samspelet mellom teksten og illustrasjonane i Bror min fungerer svært godt. Å snakke om sorg og dei kjenslene ein kjenner på, kan vere vanskeleg for både barn og vaksne. Difor er Bror min ei viktig barnebok.

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
6–9
Frost
3–6
3–6