Trude Tjensvold: Hopp i havet!

Hopp i havetForfattar og illustratør Trude Tjensvold kombinerer fakta, forteljing og illustrasjonar på ein svært god måte i denne boka.

Ho tek lesaren med under havflata rundt heile kloden. Den første halvdelen av boka handlar om kva skapningar som lever i havet, og kva som kjenneteiknar dei. Her møter vi mellom anna fisk, sel, kval, isbjørn og blekksprut.

Den andre halvdelen handlar om landskapet under vatn. Vi får lære meir om korleis menneske kan dykke, korleis menneske påverkar havet, og kva spor vi etterlet oss. Hopp i havet! inneheld også faktaboksar med ordforklaringar.

Gjennom heile boka er det fine og fargerike illustrasjonar. Tjensvold har i tillegg laga ein illustrasjon til høgre på kvart oppslag som viser kor mange meter under havflata vi er. Ho tek lesaren med heilt ned til Marianegropa i Stillehavet, 10 917 meter under havflata, deretter må lesaren snu boka for å lese seg vidare opp til havflata igjen. Dette kan vere eit smart grep som gjer at lesaren får lyst til å lese heile boka.

Hopp i havet! er ei lærerik og engasjerande faktabok/bildebok som vi trur passar fint for målgruppa 6 til 9 år. Boka eignar seg godt til høgtlesing både heime og på skulen.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

6–9
Bak med Helle
9–12
Skandale i skitrekket
6–9
6–9