Nynorskbok.no / boklister / Nynorsk krim

Bokliste nynorsk krim

Her kan du sjå bokliste for nynorsk krim.

Kvifor ikkje kose deg med ein krim på nynorsk i påska? Vi har laga ei liste med framlegg til bøker du kan lese. Ikkje alle desse er tilgjengelege i bokhandelen, men du kan finne dei på biblioteket. Mange av bøkene er dessutan tilgjengelege til å lese gratis på nett på bokhylla.no, og på desse titlane har vi lagt inn direktepeikar til nettutgåva.

For ungdomar

Magnhild Bruheim: Ny melding (2003), Venneringen (2007) og På flukt (2010). Dei to besteveninnene Bente og Kami hamnar i dramatiske situasjonar.

John Donner: Sommerset-serien, 13 bøker (1982–1987)

  1. Den forsvunne agenten
  2. Den mystiske arkeologen
  3. Nullpunkt Fort William
  4. Mørket kallar
  5. Pengane og livet
  6. Snikande skuggar
  7. Operasjon Morgonsol
  8. Usynlege fiendar
  9. Hemmeleg spel
  10. Den døde går laus
  11. Farleg fortid
  12. Døde menn skyt ikkje
  13. Men Sommerset var ikkje død

Ellen Duurlo: Bodil i byen (Omsett av Halldis Moren Vesaas, 1937)

Ragnar Hovland: Eline og Julie tar ferja (1994)

Per Jan Ingebrigtsen: Offer (2014). Fatima vert borte frå Stord vidaregåande. Skal ho sendast ut av landet for å giftast bort? Veninna Silje startar leiteaksjon.

Steffen Jakobsen: Klar bane (1986)

Lars Mæhle: Landet under isen (2009). Fire sakna ungdommar. Tre stammar. Eit bortgøymt land under isen. Sju protokollar. Éin utvald. Éin forrædar. Den siste striden er her. No. Midt iblant oss.

Erna Osland:

Ingelin Røssland: Englefjes (2008), Englejakt (2009) og Engleslakt (2010). Om Engel Winge som har sommarjobb i lokalavisa og hamnar opp i mykje skummelt og spennande som får alvorlege konsekvensar.

Joan Tate: Tre lange dagar (1979)

Terje Torkildsen: Dystopia III (2011). Fire ungdommar er komne til Belgia, der dei søkjer ly på slottet til ein marki. Når kokka på slottet vert drepen, er det duka for mordgåter og dramatikk.

For barn 9-12

Magnhild Bruheim: Motorsykkelmysteriet (2014), Hyttemysteriet (2015) og Bjørnemysteriet (2016).

Lars Mæhle: Harry og Ivars detektivbyrå (2011)

Tone Nørvåg: Politihunden Falk til teneste! (2011), Politihunden Falk på nattevakt (2012) og Politihunden Falk på farleg oppdrag (2014).

Bjørn Sortland: Serien om Julie og Jonas (1997–1999)

  1. Tu Ducs skatt
  2. Ulvenatt i Berardenga
  3. St. Michaels løyndom

Anne Viken: Elise og mysteriet med dei døde hestane (2012), Elise og mysteriet på hesteklinikken (2013) og Elise og mysteriet på Hesteøya (2014).

For vaksne

Marit Bendz: Kverk (2016). Ein øko-krim der ein vettskremd, russisk genforskar, ein forgifta bonde i Jølster og frilansfotografen Myra Pide går over lik, både i Sunnfjord og Sibir.

Anne Bjørkedal: Hotel Retiro (1997). Mariette Sommer blir funnen død på Hotel Retiro, men oppklaringa av drapet er ikkje nødvendigvis det viktigaste for etterforskarane.

Kjell-Olof Bornemark: Greger Traggs store sjanse (1983) og Skiljelinja (1985)

Kai Martin Brekke: Nattergal (2006), Dødeleg arv (2008) og Kald finale (2011). Lensmann Mikkel Holo løyser fleire mordgåter i Flåm, Nærøyfjorden og i Sogndal.

Magnhild Bruheim: Varslet (1997), Maskerade (1999), Utan englevakt (2000) og Svart arv (2001) er fire bøker om politietterforskaren Mons Strand og kompanjongen Atle Reinertsen som løyser vanskelege saker i heimbygda.

Dragsug (2002): Journalisten Tone Tarud finn eit kvinnelik i skogen. Etter kvart får ho ei kjensle av at nokon er ute etter henne.

Nattskrik (2008): Journalist Tuva Velid og faren, politiførstebetjent i Skjåk, Hans Velid, blir dratt inn i ei drapsetterforsking etter oppføringa av eit teaterstykke om eit sjalusidrap.

Arlton Eadie (1929, på norsk 1941): Det raude spørjeteiknet.

Roger Fjorden (pseudonym for Rune Timberlid) (1991): Spritdrapet i Sogn og Fjordane.

Randi Fuglehaug: Fallesjuke (2020)

Frode Grytten: Flytande bjørn (2005 Rivertonprisen). Eit drap, to brør og litt for mange pressefolk ei sommarnatt i Odda.

Thelma B. S. Hansen (Pseudonym for Idar Lind):
Usynlige spor (1994) og Hysj! (1996)

Kolbjørn Hauge: Kofferten (1991). Brått står Kåre med ein framand koffert i hendene. Han er i ferd med å vikle seg inn i noko han ikkje har kontroll over.

Heit Juice (1993), Død mann i boks (1995, Rivertonprisen), Til jord skal du bli (1997), Over mitt lik (1999) og Nord og ned (2003) – fem bøker om helten Petter Eliassen, sterkttruande lensmannsbetjent frå Ryfylke og Arthur Andersen ved Kripos. Vestlandskrim

Thore Eithun Helland: Farleg kreditt (2013). Den ikkje heilt vellykka rockemusikaren Alvin Evjo hamnar i trøbbel med litauisk mafia. Hardangerkrim.

George V. Higgins: Eddie Coyles venner (1983) og Dohertys plan (1984)

Ragnar Hovland: Utanfor sesongen (1988)

Liv Marit Idsø / Anne Marit Seem: Midt i elgjakta (1997). Mordet på skogeigar og jeger Ewald Kvernåsen er godt stoff både for laussalspressa og journalist Gry Dale i lokalavisa.

Eli Haugen Indrestrand: Sirius (2007). I Haram på Sunnmøre er folk redde, for ein drapsmann går laus. Kven er den døde?

Per Jan Ingebrigtsen: Offer (2014). Fatima vert borte frå Stord vidaregåande. Skal ho sendast ut av landet for å giftast bort? Veninna Silje startar leiteaksjon.

Mannen utan samvit (2016): Politiet på Stord flyttar inn i eit nytt bygg, og under opningar stirar politioverbetjent Olaug Solhaug brått inn i eit hovud som ligg i ei urne.

Klappjakt (2017). Den suspenderte Kripos-etterforskaren Hermund Steinsland, som både er målmann og høgreradikal, har kopiert fleire av drapa han har etterforska. Olaug Solhaug fattar mistanke og set seg sjølv i livsfare.

Jógvan Isaksen: Blid er sommarnatta (2018)

Mari Jungstedt: I denne søte sommartid (2011). Brutale drap på idylliske Gotland, og det blir Karin Jacobssons første sak. Ho må samarbeide med journalisten Johan Berg.

Per Olav Kaldestad: Naken er fjorden (1990). Kriminell heltesoge frå fjordane i vest

Vigdis Kroken og Ragnhild Kolden: Evig skal døden vera (2011), Døden kjem med bussen (2013) og Død manns kiste (2015). Fleire blodige drap i Lom, oppklara av lensmann Sylfest Seljestad og lensmanns¬betjentane Jørgen Vold og Reidun Hammer.

Fredrik V. Lien: Drapet på Elise, Mysteriet på Ola Narr (2007). Politisk krim. Politimannen Gunnar Gundersen og partnaren Jardar, som er kulturjournalist, er på saka.

Idar Lind: Hotell Tordenskjold (1985), Ormens gift (1986) og 13 takters blues (1989, Rivertonprisen). Alle romanane startar med at ein mann kjem inn i resepsjonen på hotellet og møter portieren Antonio Steen.

Jon O. Lorentzen: Ei kalka grav (2021)

Sigrun Mettenes: I mørket er alle kattar grå (2010) Kven får seg til å selje dottera si for mat? Er det mogleg å hjelpe? Det startar med etterforsking av eit drap, men utviklar seg til eit drama på liv og død.

Den grå skugge (2011). Rosemari Arntsen er lege på sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane. Ein dag drar sambuaren Anders Oldervik til Canada. Då begynner uforklarlege ting å skje, og privat-etterforskar Kristoffer Strand blir leigd inn.

Lars Mæhle: Den mørke porten (2013), Linnés dystre lærdom (2014) og Den stille flokken (2017). Om psykologen og kickboksaren Ina Grieg som hjelper politiet på uvanlege måtar i etterforskinga.

Luis Rogelio Nogueras: Kodemelding til Havanna (1984)

Anne Bergset Oikonomaki: Smådjevlane (2014). Thriller med handling frå Kreta, med korrupsjon og eit storpolitisk spel, og eit skip med kurdiske barn som må stoppast.

Matti Rönkä: Med mord i blikket (2010). Viktor Kärppä blir fanga i eit livsfarleg spel mellom russiske spionar og estiske smuglarar.

Audun Sjøstrand: Hundemordet (1985), Ureint trav (1987) og Valsekongens fall (1991, Rivertonprisen).

Audun Stølås: Nattog forsvinn i Ulrikstunnelen (2021)

Herbjørn Sørebø: Mannen med arret (1975)

Lik i tomt hus (1981). Ein kjend kriminalforfattar kjem heim etter ein middag med politiinspektøren og finn eit lik på golvet.

Rune Timberlid: Red Mercury (2003), Priseld (2004), Dødball (2005), Deadline (2006), Operasjon Siskin (2008), Sanct Svithuns gåte (2011), Satans mor (2015) og Blodhemn (2017) – om politibetjent Rolf Randen, tilsett ved lensmannskontoret i Førde og i seinaste bok i Sogndal. Handlinga er alltid lagd til Sogn og Fjordane.

Norvald Tveit: Tre døde før daggry (1983)

Sigurd Vikøren: Blod er tjukkare enn vatn (2021)

K. Villun / K.Villum (Pseudonym for Kjartan Fløgstad)
Døden ikke heller (1994) og Ein for alle (2002)

Patricia Wentworth: Den døde kjem tilbake (1983)

Margaret Yorke: Dødens hender (1983), Djevelens verk (1984) og Angstens sirkel (1984)

Tone Aslaksdotter Aarak: Framand kar kjem til gards (1949). Handlinga er bygd på ei drapssak frå tidleg på 1800-talet på garden Bratterud i Eidsborg.