Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Erlend Skjetne: Alt som skranglar

«Ettersom eg aldri vil kunne sitere deg,
må eg byrja med stilla di.

Endelause samtaler med stilla di. 

Endelause samtaler med meg sjølv
om deg og stilla di.» 

Slik er opningsdiktet i samlinga Alt som skranglar. Og dette diktet seier mykje om kva tematikken i heile diktsamlinga er. Skjetne skriv om livet med eit barn som har ein diagnose og manglar eit talespråk. Han skriv til dottera, til du-et, og deler tankane sine om ho og liva deira, nå og i framtida. 

Han kjenner også på at han ikkje strekk til som far, og blir frustrert og av og til sint. Vi les om medisinske undersøkingar, daglege utfordringar, korleis ho pregar familien og familielivet, rotet i huset og lite svevn. Han skildrar mange detaljar i ein heftig kvardag, desilitermålet på trappa, rivjarnet i sofaen og steikjespaden i badekaret blir konkrete døme på uroa. 

Han strevar også med å forstå og akseptere at dottera er slik ho er, og å kunne seie psykisk utviklingshemma høgt på ein naturleg måte. Han kjenner på «Skamma over å ha skamma meg over deg». Han forstår ikkje alltid sine eigne kjensler: «Av og til blir eg overvelda av tanken på at eg skal forvalte noko så dyrebart som ein barndom». Dottera liknar på faren sin, og det er eit band mellom dei to. Han lengtar etter at det skal vere noko normalt, men aksepterer etter kvart som jenta veks, at det ikkje kjem til å bli slik – «Kjære, kvar er du?» 

Her er også nokre dikt som er stila til eit anna du, Konedikt IV. Å vere foreldre gjer også noko med forholdet mellom dei to vaksne — «Det er mogleg at eg har byrja tenkje på samlivet vårt som ein turnus». Han prøver likevel å halde fast, og ønskjer han kunne skrive eit godt kjærleiksdikt til ho. 

Titlane på dikta blir ofte gjentekne, t.d. «Mjuk mann», «Kuvøse» og «Nokturne». Dikta kjem ikkje i ei kronologisk rekkefølgje, men vi får lese om dagen i dag og ulike tilbakeblikk på då jenta var nyfødd, og oppveksten hennar fram til nåtida. Dei er gode framstillingar av det han skriv innleiingsvis – «Endelause samtalar med meg sjølv om deg og stilla di». 

Desse dikta har noko felles med Olaug Nilsens Tung tids tale og Lars Amund Vaages Syngja, romanar som fortel om forholdet mellom foreldre og barn med diagnosar. Lesarane får noko av den same stemninga og dei same kjenslene i dikta Skjetne formidlar.  

Høyr forfattar Erlend Skjetne fortelje og lese frå den nyaste boka si, Alt som skranglar, i denne episoden av DAG OG TID- podkasten.

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker