Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Mary Ruefle: Fjomp

Til nynorsk ved Martin Ingebrigtsen

Mary Ruefle (fødd 1952) er ein amerikansk poet, essayist og professor. Med Fjomp blir Ruefle sine dikt presenterte for norske lesarar for første gong, gjennom Martin Ingebrigtsen si gjendikting.

Ruefle vert rekna som ein av dei fremste nordamerikanske poetane i sin generasjon. Ho er også kjent for den unike kortprosaen sin. Poesien er derimot ein raud tråd i det litterære arbeidet hennar, uavhengig av sjanger.

Fjomp gir oss tilbakelente, ærlege, nyfikne og ømme dikt som tek føre seg mysteriet i dagleglivet og samfunna vi lever i. Som vi stadig kan erfare – samfunnets fjomp kan ha eit oppsiktsvekkande friskt og klokt blikk på detaljar, perspektiv og tankesprang. Språket til Ruefle er fritt for klisjear og skiftar stadig posisjon for å kaste lys over livet og poesien. Dikta får oss til å le høgt samstundes som dei rører oss til tårer. Fjomp grublar særleg over avslutninga av livet.

Forfattar Gunnhild Øyehaug seier dette om diktinga til Ruefle: «Mary Ruefle er ein slik forfattar det finst eit før og eit etter ein har lese. Før ein har lese Ruefle, er verda ein liten klump. Etter at ein har lese Ruefle, er verda heilt open.»

Myndig, sanseleg, søt, frisk, alvorleg, tolmodig, komisk, svimlande, snerten, dum og livsklok. Dette er ord som kan gi samanheng og innsikt i lesinga. Ruefle gir omsorg til det som hamnar utanfor, og motmæle til det som har makt.

Fjomp blei nominert til Pulitzer-prisen, National Book Award, National Book Critics Award og LA Times Book Price.

Passar innanfor høgare utdanning og til dømes temaet gjendikting til norsk.

Utdrag frå boka:
https://issuu.com/detnorskesamlaget/docs/sider_fra_fjomp

 

Kategoriar

Fleire boktips

Martin Baldysz: Fallgard
unge vaksne
Lars Erik Helgemo og Markus Pedersen: Udugelege heltar volum 3: Endelaus
teikneseriar
Jon Fosse: Einkvan
unge vaksne
Erling A. Westgaard Flote: Utveg
ungdomsbøker