Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Mimmi Tamba: Du og blir nok skalla ein gong

Mimmi Tamba: Du og blir nok skalla ein gongMimmi Tamba (fødd 1991) er ein norsk-interkulturell songar, popartist, skodespelar og låtskrivar som har vakse opp i Tromsø. Ho har røynsle i å formidle nynorsk som scenespråk frå Det Norske Teatret, og har skrive diktsamlinga Du og blir nok skalla ein gong.

Diktsamlinga er ein del av den skjønnlitterære regnbogeantologien frå forlaget Antipode. Antologien gir ei samling tekstar i sjangrane dikt og novelle. Mimmi Tamba er blant bidragsytarane av forfattarar og debutantar. Tamba skriv kvardagsleg, humoristisk, rått og surrealistisk ærleg, sanseleg og reint om forelsking, begjær og minne. Om nærvær, og mangel på nærvær. Dette vel Tamba å gjere på nynorsk. Eg opplever at dette er eit svært godt val som ikkje er sjølvsagt; Tamba er språkleg påverka av til dømes dialektane og sosiolektane i Tromsø og Oslo, av bokmål, nynorsk og engelsk. Det nynorske skriftspråket kler stemma og bodskapet til Tamba godt gjennom å vere oppdatert, moderne, verdsleg og likevel folkeleg og kritisk.

Som menneske er vi biologisk programmerte til å knyte oss til kvarandre. Utan kvarandre overlever vi ikkje, og derfor er relasjonar det viktigaste for oss menneske. Vi speglar oss i kvarandre: Er eg verd å bruke tid på? Er eg artig å vere saman med? Vert grensene mine respekterte? Vert kjenslene mine anerkjente? Tilknyting er som ein indre mal i kroppen vår. Det handlar om velvære og behovet for å bli sett, ønskt og elska. Å kjenne seg halden og følt. Alle blikk, smil, ord og berøringar er med på å danne forventningar i ein om ein fortener kjærleg omsorg. Grovt sett er det slik for menneske gjennom heile livet. Vi formar oss etter kva erfaringar vi får. Dei erfaringane vi får, bygger kraftige samband mellom nervecellene og dannar grunnlaget for tilknytinga. Dette vert som ein indre mal i korleis vi kan vente å bli møtte i relasjon til andre. Ei trygg tilknyting legg grunnlaget for å handtere kjensler, få gode sosiale relasjonar og sjølvstende. Trygge relasjonar er essensielle for sunn utvikling.

Du og blir nok skalla ein gong tek føre seg det vaksne ønsket om kontakt med eit anna menneske på eit nært plan. Tamba tykkjer dette er krevjande i posthumanistisk tidsalder. Ho har teke for seg små augeblikk av behag og ubehag, forståing eller mangel på forståing. Utfordringa med å sjå og å verte sett. Og kor er eigentleg den som ser? Tamba undersøker om det er noko som er meir einsamt enn å vere nær nokon som ikkje ser deg. Ho stiller spørsmålet om det kan vere betre å vere aleine? Det universelle temaet er einsemd og behovet for å bli sett, elska og anerkjent.

Målgruppe: Vidaregåande opplæring og høgare utdanning. Temaet folkehelse og livsmeistring.

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker