Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Olaug Nilssen (red.): Eg vil vere her. Dikt til trøyst

Eg vil vere herEg vil vere her er ei diktsamling for når livet er i krise. Den kritikarroste forfattaren Olaug Nilssen er redaktør. Ho har også møtt livet sine brottsjøar, og vil med dette vere med og hjelpe andre i krise. Dette er ei bok som kan fylgje oss lenge, slik dikt ofte fylgjer oss lenge. Dikt er med på å spinne trådar av samanhengar og perspektiv over liv og erfaringar. Når kriser treffer oss, kan vi gripe til dikt, rådlause og ordlause, og sjå at dikta også kan treffe oss. Dei kan treffe oss med nærvær, attkjenning og tilhøyrsle. Dei er her. Dei vil trøyste.

Vi menneske reagerer både likt og ulikt på kriser og sorg, som også kan gi traume og stress. Dette er vonde, djuptgripande hendingar, som dødsfall, sjukdom og brotne relasjonar. Kvar person og situasjon er unik. Samstundes kan vi, på tvers av kulturar og tider, sjå at reaksjonar ofte har mykje likt ved seg. Det kan vere med å normalisere, trøyste og gi mot i motløysa.

Eit håplaust depp. Om det
blir noko. Vaskar meg ikkje,
et ikkje. Rører meg knappast
av flekken. Alt ligg i
mørk’sekken.

(Sissel S. Bjugn)

Kva ord som lindrar, er forskjellig. Det kan vere nøkterne ord, metaforar, galgenhumor eller anna. Denne diktsamlinga freistar å vere eit breitt bidrag og er delt inn i kapittel etter ulike fasar ein kan møte i arbeid med slike livshendingar: mørkt, tapt, flukt, tole, lysare. Eg kjenner redaktør Olaug Nilssen og dei andre forfattarane si hand i mi når eg les i boka. Her møter vi tekstar av kjente og kjære tekstforfattarar frå inn- og utland, med vekt på nynorsk skriftkultur og omsetjing.

Nokre av dikta er salmar. Nilssen «har ikkje tatt dei med for å antyde at lesaren kan finne trøyst i religionen ­­­– sjølv om nokre sikkert gjer det ­­­– men fordi fleire salmar tematiserer bibelhistoria om Jesu liding, død og oppstode, som for mange har ein metaforisk kvalitet». Salmar har også ofte fleire tolkingsmoglegheiter enn dei religiøse.

Det kan vere lindrande å spegle seg i andre sine bekmørke skildringar, fortvilinga og erkjenninga i tap, om det meir eller mindre destruktive behovet for å sleppe, eller aksept og lys. Fremst i boka har Nilssen tatt med tre tekstar som peikar på fellesskapen som kan hjelpe oss ut av mørkeret. Håpet er at vi kan finne noko i diktsamlinga som har verdi i det ein har stått i eller står i. Kanskje kan det gi nye spirar:

Mitt liv, eg lovar deg høgt og dyrt:
Ikkje før døden det vil
sloknar min brennande elskhug til deg,
og gleda: å høyre deg til.
Og svaret ditt kling ifrå alt eg ser
og høyrer ved dag og natt,
i alt det du gjer meg, i alt som skjer:
Eg elskar deg, eg elskar deg att!

(H.M. Vesaas)

Her er dikt som kan passe for heile opplæringsfeltet. Bla gjennom og finn. Samlinga høver til det tverrfaglege temaet helse og livsmeistring i læreplanen LK20.

Kategoriar

Fleire boktips

ungdomsbøker
krim
dikt
unge vaksne