Ruth Lillegraven skriv episk og forteljande. Med eit symjetak er diktsamlinga Badesommar her. Og omgjevnadane vert fylte med noko kjent og nærande som i diktsamlingane Eg er eg er eg er og Skogen den grøne, samstundes som Badesommar kjem med ny frålandsvind og berande bølgjer. Her går vi mot botnen på starten og slutten av eit liv. Det å vere ung og det å vere gammal. Det å gi gnist og liv til kvarandre. Om alt som stadig endrar seg, og om å symje i alt slags vatn. Kjenne håp og meining.
livet, min ven
rått godt vondt
livet i seg sjølv
er det beste
Vi møter eg-personen som tykkjer vinteren er kald og mørk. Ute i verda er det uroleg. Mormor er alvorleg sjuk. Eg-personen er den einaste i klassen som ikkje kan symje. Så kjem det ein liten bror til verda. Kven er eg i alt dette? Då avslører mormor ei hemmelegheit frå då ho var ung – og får ein god idé. Saman går dei sommaren i møte.
Diktsamlinga har tema eksistensiell helse, og er som tidlegare diktsamlingar nydeleg illustrert av Mari Kanstad Johnsen. Boka høver for barnetrinnet, og eg spår ein klassikar til glede for mange aldrar og livsepokar. Flyt vidare med Badesommar i hugen!
Utdrag frå boka: