Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Sigmund Løvåsen: Tusen elgar i garasjen

Opplegg til boka:
Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka

Tusen elgar i garasjen er ei diktsamling for barn. Dikta handlar om mange ulike dyr og fuglar og den plassen dei har i naturen. Dei handlar også om menneska. Dikta vender seg til eit du, som tydeleg er eit barn. Diktaren er i allianse med barnet, gjerne mot foreldra.

Opningsdiktet stiller mange spørsmål om kva ulike dyr, sandkassa, mamma, elgen og rabarbraen har felles med deg – og svaret er at alle saman finst i denne boka. Du kan berre opne boka og gå inn. Om du må tisse eller blir trøytt, finst det både ein do og ei seng i boka, og blir du svolten, kan du ete ein elg. Det første diktet, forstår vi seinare, er ei slags innhaldsoppsummering over kva dikta i samlinga vil handle om.

Om du lurer på kva ein maur er, så er svaret at han er meir maur enn dei fleste andre. Så koplar diktet vidare til du-et og svarar: «Du er meir du enn alle andre i heile verda». Vidare foreslår diktet at du skal putte hundre maur i trusa på foreldra dine, og sjå for deg korleis dei då vil både danse og synge. Løvåsen tar på denne måten opp eksistensielle spørsmål på ein veldig morosam og underfundig måte.

Vi får lese dikt om mange dyr og fuglar; elgen, kua, sommarfuglen, spyfluga, snigelen, rugda, fuglekongen og ramnen, som alle har ein plass i verda. Dette forstår du-et som les, men det er det ikkje heilt sikkert at foreldra gjer. Dei likar ikkje brunsniglar, jordrotter og lus. Vi får oppleve eit stort engasjement for naturen, og vi blir oppfordra til å legge merke til samanhengane der. Her er små og store dyr, vakre og mindre pene. Ikkje minst får vi mykje å undre oss over og samtale om.

Har du tenkt på alt det hendene dine har halde; iskrem, hundebæsj, ein kosebamse eller ein sykkel? Kor underleg er ikkje det å tenke på? Du får også gode tips til kva du kan gjere viss du kjedar deg. Då kan du mellom anna ete fem pølser, danse flamenco, flyge ut i verda og redde ein katt i eit tre eller kysse ein frosk eller venen din. Løvåsen ber oss bruke fantasien og førestille oss kva som kunne skje om du let stortånaglen din vekse, eller kua som dansar flamenco om natta i ein kjole laga av mjølkekartongar. Fantasien gjer at du kan få mange spennande opplevingar.

Løvåsen skriv også om kjensler og vonde draumar. Men han veit råd. Om du tenkjer på noko vondt, kan du gå ut og sjå på ein blome eller ein sommarfugl. Han minner oss også om at alle barn er ulike, at nokre har tankar om å slå og har hovudet fullt av fæle ting dei har sett. Andre har tankar om å gje ein klem og har vakker song inni seg.

Diktsamlinga har nydelege illustrasjonar laga av Hilde Hodnefjell. Dei passar godt til teksten, samstundes som dei utvidar han. Dei blå bileta og den stipla og krokete linja fører oss frå ei side til neste og kan minne om fotspor eller dyrespor. God lesnad – denne diktsamlinga er ein ny favoritt!

Fleire boktips

6–9
9–12
6–9
9–12